Rongøyna

(Omdirigert frå Rongøy)

Rongøyna er ei øy i Øygarden kommune i Vestland. Øya har eit areal på 2,7 km² og om lag 850 innbyggjarar.

Rongøyna
Geografi
Stad Øygarden
Koordinatar 60°30′19″N 04°54′58″E / 60.50528°N 4.91611°E / 60.50528; 4.91611

Areal 2,7 km²

Høgaste punkt Medarseta (48 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 1327 (2023)
Folketettleik 491 /km²

Øya ligg mellom Blomøy i nord og Toftøy og har brusamband vidare til begge to. Sørover har øya vegsamband til Bergen via Sotra. Rongesundet ligg mellom Rongøy og Toftøy og over her går Rongesundsbrua. Tettstaden Rong ligg på øya, og er heimstaden til symjaren Aleksander Dale Oen.

To skular er plasserte på Rong; Rong skule for 1–7 klasse for elevar frå Rong, og Øygarden ungdomsskule som er felles ungdomsskule for heile Øygarden.

Natur endre

Breivikmarka myrområde er eit ganske stort myrområde utan inngrep, mellom Breiviki og Rongaloptet/Ormhilleren på Rongøy. Tjørn i nordvestre delen av lokaliteten med førekomst av det sjeldne grasslaget buntsivaks.

Rongaloptet endre

Kystlyngheiområde med rikt innslag av purpurlyng. Avgrensa i nord av Rongaloptet, som i seg sjølv har element av berg med tilhøyrande flora, i vest/nordvest av gangveg til Ormhilleren friluftsområde, mot aust av sig/myrdrag mot Rongesundbrua og i sør av Ormhilleren/Insta Glosviki. Særleg i sør- og vestvende, tørre hellingar på berg med tynt jorddekke finn ein innslag av purpurlyng, avbrotne av våtare myrdrag. Som elles i lyngheiområda i Øygarden er vegetasjonen avbroten av nakne knausar og berg. Området er truga av attgroing av buskfuru. Grunna attgroing av lyngheiene har område med dominans/betydeleg innslag av purpurlyng etterkvart blitt sjeldnare i Øygarden.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
50 122 820 1327

Kjelder endre