Opna hovudmenyen

Ronny & the Daytonas var eit amerikansk surferockband tidleg i 1960-åra. Medlemmane i bandet var Paul Jensen (vokal, gitar), Thomas Ramey (bass, gitar), Lynn Williams (trommer), Lee Kraft (låtskrivr, gitar) og John «Bucky» Wilkin (òg kalla Ronny) (låtskrivar, gitar, vokal) med bidrag frå andre som Larry Butler (orgel), Ronny Clark og Buzz Cason.

Ronny & the Daytonas
OpphavNashville i Tennessee i USA
Aktiv1964–1995
SjangerSurferock, rock and roll
PlateselskapShow Biz, Mala, RCA, Sundazed
Tidlegare medlemmerPaul Jensen
Thomas Ramey
Lynn Williams
Lee Kraft
John Wilkin

Innhaldsliste

HistorieEndra

Gruppa vart skipa i Nashville i Tennessee i 1964 då Bill Justis (mest kjend for hitten «Raunchy») vart manageren deira og skipa Buckhorn Music med hjelp frå mora til Wilkin, Marijohn Wilkin.[1] Dei fekk kontrakt med Mala Records, ein etikett under Bell Records, og det viktigaste bidraget deira var å innføre countrystilen i surferocken. Debutsingelen deira «G.T.O.» frå 1964 nådde fjerdeplassen på Billboard Pop Singles-lista.[2] Singelen selde over ein million eksemplar og bandet fekk gullplate.[3] Den neste singelen, «Bucket T», nådde 54. plassen på Billboard-lista det same året.

Etter eit album og ein turné i 1964 fekk Ronny & The Daytonas ein ny hit i 1965 med balladen «Sandy» og eit album som hadde ein liknande countryaktig surferstil. I 1966 byta Ronny and The Daytonas selskap til RCA Records og gav ut ein romantisk ballade kalla «Diane, Diane» og den livlege «All American Girl», som begge vart ein suksess. Bandet turnerte ei kort stund til etter dette før dei vart oppløyst.[4]

I midten av 1980-åra kom bandet saman at i korte perioder. Den siste kjende konserten deira var i New York den 4. juli 1995,[4] og i Woodward Dream Cruise i Michigan i 2000 og 2002.

DiskografiEndra

SinglarEndra

1964

  • «G.T.O.» / «Hot Rod Baby» (Mala 481) (#4)
  • «California Bound» / «Hey Little Girl» (Mala 490) (#72)
  • «Bucket »T«" / »Little Rail Job" (Mala 492) (#54)

1965

  • «Little Scrambler» / «Teenage Years» (Mala 497)
  • «Beach Boy» / «No Wheels» (Mala 503)
  • «Sandy» / «Sandy» (instrumental) (Mala 513) (#27)
  • «Bay City» / «Tiger A-Go-Go» (Amy 924) (av Buzz og Bucky, John «Bucky» Wilkin med Buzz Cason)

1966

  • «Goodbye Baby» / «Somebody to Love Me» (Mala 525)
  • «Antique '32 Studebaker Dictator Coupe» / «Then the Rains Came» (Mala 531)
  • «All American Girl» / «Dianne, Dianne» (RCA 47-8896) (#69)
  • «I'll Think of Summer» / «Little Scrambler» (Mala 542) (#123)
  • «Winter Weather» / «Young» (RCA 47-9022)

1967

  • «Walk in the Sun» / «The Last Letter» (RCA 47-9107)
  • «Brave New World» / «Hold Onto Your Heart» (RCA 47-9253)
  • «The Girls and The Boys» / «Alfie» (RCA 47-9435)

AlbumEndra

1964

  • G.T.O. (Mala 4001) (#122)
  • Sandy (Mala 4002)

KjelderEndra

  1. [1] Mal:Webarchive
  2. «The Hot 100 : Sep 12, 1964 | Billboard Chart Archive». Billboard.com. 12. september 1964. Henta 9. mars 2018. 
  3. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 182. ISBN 0-214-20512-6. 
  4. 4,0 4,1 [2] Mal:Webarchive

BakgrunnsstoffEndra