Rosh HaAyin (hebraisk skrift רֹאשׁ הָעָיִן) er ein by i Det sentrale distriktet i Israel. Vest for Rosh HaAyin ligg borga Antipatris og kjelda til Yarkonelva. I søraust ligg borga Migdal Afek (Migdal Tzedek).[3] I 2009 hadde Rosh HaAyin 38 500 innbyggjarar.[1]

Rosh HaAyin
by
Våpenskjold
Namneopphav: Kjeldevell
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°5′44″N 34°57′8″E / 32.09556°N 34.95222°E / 32.09556; 34.95222
Areal 24,39 km²
Folketal 38 500  (2009)[1]
Folketettleik 1 579 / km²
Grunnlagd 1949
Borgarmeister Raz Sagi[2]
Kart
Rosh HaAyin
32°05′00″N 34°57′00″E / 32.083333333333°N 34.95°E / 32.083333333333; 34.95
Wikimedia Commons: Rosh Ha'Ayin
Nettstad: Rosh-HaAyin.muni.il

Historie

endre

Rosh HaAyin vart grunnlagd i 1950-åra nær der Antipatris låg i antikken og den arabiske landsbyen Majdal Sadek (òg kalla Majdal Yaba). Mange av dei tidlege innbyggjarane var jemenittiske jødar flydd til Israel i 1949 og 1950 i Operation Magic Carpet. I 1990-åra vart det bygd nye bydelar i byen, men han har framleis ein stor jemenittisk folkesetnad.

Rosh HaAyin er kalla opp etter plasseringa ved kjelda til Yarkon.

Idrett

endre

S.C Rosh Ha'ayin er fotballaget byen og spelar i «Liga Gimel Sharon».

Venskapsbyar

endre

Innanriks

endre
Land By Distrikt
  Israel   Kiryat Bialik Haifa
  Israel Hurfeish Nord distrikt

Internasjonal

endre
Land By
  USA   New Orleans
  USA   Birmingham
  Tsjekkia   Praha
  Ukraina   Odessa
  Tyskland   Dachau
  Frankrike   Vanves
  Kina   Cixi

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 31. desember 2009. Henta 8. april 2015. 
  2. «רז שגיא נבחר לראשות העיר ראש העין» (på hebraisk). Henta 15. april 2024. 
  3. «Rosh Ha'Ayin». Partnerships with Israel. Jewish Agency for Israel. Arkivert frå originalen 24. september 2008. Henta 23. november 2008. 

Bakgrunnsstoff

endre