Rotasjon
(Omdirigert frå Rotere)
Rotasjon eller dreierørsle syner særskilt til rørsla til ein stiv lekam rundt eit punkt eller ein akse. I matematikken blir rotasjon definert som ei rørsle der alle faste punkt i ein fast lekamar blir verande i ein fast avstand frå eit visst punkt. Dersom aksen eller punktet eit objekt roterer rundt er inne i objektet, seier ein at det roterer om seg sjølv eller at det spinn.
Døme på gjenstandar som er utforma til å rotere er hjul, propell, svinghjul og rotor. Eit objekt kan rotera i høve til andre objekt ved hjelp av ein eller fleire hengsler, til dømes dører og sakser.
Rotasjonen vert målt som ein vinkelfrekvens, med eining radianar per sekund [rad/s], men andre einingar er òg i bruk:
- Omdreiingar per sekund [o/s].
- Omdreiingar per minutt [o/min]. Denne eininga er vanleg for motorar og andre maskinar.