Opna hovudmenyen

Rotnes kyrkje

kyrkje i Nittedal

Koordinatar: 60°02′43.7″N 10°52′52.9″E

Rotner kyrkje
kyrkje
Rotnes kirke 1.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Nedre Romerike
Sokn Nittedal
Fellesråd Nittedal
Arkitekt L2 Arkitekter
Innvigd 27. november 2016
Stopul Ved sida av kyrkja
Kyrkjegard Nei
Altartavle Tor Lindrupsen
Sitjeplassar 280/500
Wikimedia Commons: Rotnes kirke

Rotnes kyrkje (Rotnes kirke) er ei kyrkje i Rotnes i Nittedal kommune i Akershus. Kyrkjebygget vart teikna av L2 Arkitekter, og entreprenør er JM Norge.[1] Kyrkja er ein del av eit utbyggingsprosjekt som òg omfattar kulturhuset Flammen.[2]

Kyrkja vart vigsla 27. november 2016.[3][4] Sjølve kyrkjesalen har 280 sitjeplassar. Dette kan utvidast til 500 ved hjelp av tilstøytande rom.[5]

Altarutsmykkinga er ved Tor Lindrupsen.[6] Kyrkja har eit digitalt orgel.[7]

Det er ikkje kyrkjegard ved denne kyrkja, men ved Nittedal kyrkje og Hakadal kyrkje.

FotnotarEndra

  1. Byggmesteren 3. desember 2015
  2. Vårt Land 25. november 2016
  3. Dagen 27. november 2016
  4. «Nittedal kyrkjelege fellesråd». Arkivert frå originalen 2017-05-26. Henta 21. mai 2017. 
  5. «Nittedal kyrkjelege fellesråd». Arkivert frå originalen 2016-07-31. Henta 21. mai 2017. 
  6. Tor Lindrupsens nettsted
  7. Utlysing av organiststilling, jf. program for åpningsveka

BakgrunnsstoffEndra