Opna hovudmenyen

Hakadal kyrkje

kyrkje i Nittedal i Akershus

Koordinatar: 59°56′39.527″N 10°54′33.462″E

Hakadal kyrkje er ei langkyrkje nord i Nittedal kommune i Akershus fylke. Kyrkja er frå tidleg på 1600-talet, rundt 1610.

Hakadal kyrkje
kyrkje
Hakadal kirke 1.jpg
Hakadal kyrkje
Foto: Chell Hill
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Nedre Romerike
Sokn Hakadal
Fellesråd Nittedal
Type Langkyrkje
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd Ca. 1610
 - Endringar 1684, 1732, 1849, 1890, 1955
Tårn I vest, fra 1849
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Med akantus
Døypefont Med akantus
Altartavle Johan Jørgen Schram
Sitjeplassar 180
Wikimedia Commons: Hakadal kirke

Allereie i 1393 er det omtala ei kyrkje i Hakadal. Ho kan ha stått på same staden som kyrkja av i dag, men det var ikkje same bygg. Det er ukjent korleis denne kyrkja såg ut, men ho var vigd til st. Laurentius, skytshelgen for dei fattige. Kyrkja vart truleg lagt ned på 1500-talet og vart omtala som eit aude kapell i 1598.[1]

Kyrkja vi no ser, vart først bygd som ei låg tømmerkyrkje utan tårn eller takryttar. Kyrkjeklokkene hang frå taket inne i sjølve kyrkjeskipet. Den første utvidinga av kyrkja i 1732 la til ein takryttar til klokkene. Sjølve kyrkjetårnet kom først i 1849.

Altartavla er frå utvidinga i 1732. Ho er skoren av Johan Jørgen Schram og framstiller Jesus på krossen med oppstoda over. Kyrkja har to kyrkjeklokker. Den eine kjøpte gardeigarane i Hakadal i 1839, medan den andre er matklokka frå Ås gard.

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra