Rotzbreen
Rotzbreen er ein sidebre i Antarktis som er 17 km lang og 3,5 km brei. Han flyt vestover frå Wakefield Highland, sentralt på Den antarktiske halvøya, ut i Airybreen til eit punkt like sør for Mount Timosthenes. Breen vart fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) den 27. november 1947. Han vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i desember 1958 og november 1960 og namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Jean Rotz, ein fransk kartmakar på 1500-talet som skreiv om viktige prinsipp innan navigasjon. Han designa eit utførleg magnetisk kompass og vart hydrograf for kong Henrik VIII av England i 1542.
Rotzbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 69°17′S 65°43′W / 69.283°S 65.717°W | ||
Lengd | 17 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Rotzbreen 69°17′00″S 65°43′00″W / 69.2833°S 65.7167°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Rotz Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).