Rouen Mountains
Rouen Mountains er ei markant fjellkjede på kring 2800 moh. nord på Aleksanderøya i Antarktis. Ho er 60 km lang frå nordvest til søraust og går frå Mount Bayonne til Care Heights og Mount Cupola. Fjellkjeda har nokre av dei høgaste fjella på Aleksanderøya, i lag med den nærliggande Douglas Range. Mount Paris er det høgaste punktet i Rouen Mountains, på kring 2800 moh.
Rouen Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 69°10′S 70°53′W / 69.167°S 70.883°W | ||
Høgaste punkt | |||
- høgd | 2 800 moh. | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Rouen Mountains 69°10′00″S 70°53′00″W / 69.166666666667°S 70.883333333333°W | |||
Fjella vart først kartlagde av Den franske antarktisekspedisjonen i 1908-10 under J.B. Charcot og vart namngjevne av han etter den franske byen Rouen. Charcot indikerte ein sprekk i fjella sør for Mount Paris, men flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947-48, som vart tolka av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) indikerte at fjella er kontinuerlege søraust til Mount Cupola. Dei vart delvis kartlagde frå FIDS i 1948 og ytterlegare skissert frå amerikanske satelittbilete frå januar 1974 og februar 1975.
Sjå òg endre
Kjelder endre
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Rouen Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).