Jean-Jacques Rousseau

(Omdirigert frå Rousseau)

Jean-Jacques Rousseau (28. juni 17122. juli 1778) var ein fransk-sveitsisk forfattar, politisk filosof og autodidakt komponist som verka i opplysningstida. Han fekk stor innverknad på politikk, pedagogikk og litteratur. Rousseau hadde mykje å seie for jødane.[treng kjelde] Han bidrog til at dei ikkje vart forfølgde.[treng kjelde]

Jean-Jacques Rousseau

Statsborgarskap République de Genève
Fødd 28. juni 1712
Genève
Død

2. juli 1778 (66 år)
Ermenonville

Yrke filosof, botanikar, komponist, koreograf, skribent, musikkforskar, litterat, romanforfattar, sjølvbiograf, musikkteoretikar, pedagog, naturvitar, skodespelforfattar, Encyclopédistes, korrespondent, statsvitar, essayist, musikkritikar
Språk fransk
Religion Protestantisme, katolisisme, Protestantisme
Far Isaac Rousseau
Ektefelle Marie-Thérèse Le Vasseur
Signatur
Jean-Jacques Rousseau på Commons

Rousseau vart fødd i Genéve, men virka mykje av livet sitt i Frankrike.

Rousseau var ein av dei fyrste som formulerte folkesuverenitetsprinsippet, og fekk stor innverknad på politisk filosofi gjennom verket Du contrat social (samfunnskontrakta). Verket kom til å ha avgjerande tyding for den amerikanske sjølvstendeerklæringa, Den norske grunnlova og særleg for den franske revolusjon, som braut ut 11 år etter at Rousseau døydde.

Hans syn på barnet og barndommen (jf. Émile ou De l'éducation, 1762) har fått enorme følger i ettertida, for barneoppseding og verdsetjing av barndommen. Hans udogmatiske religiøse syn, basert på hans inderlege og grensesprengjande kjensle for naturen og samanheng i altet, har og fått uoverskueleg tyding i etterkant av hans død.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jean-Jacques Rousseau
  Denne filosofiartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.