Opna hovudmenyen

Roy Maurice Keane (fødd 10. august 1971) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Cork. Han er framom alt kjend for sine 11 suksessfulle år som midtbanespelar for Manchester United. Åra 1994-2004 var han med om å vinne Meisterligaen 1999, sju ligatitlar og fire FA-cupfinalar for Manchester-klubben. Keane var ein drivande, tevlingssterk og aggressiv spelar med stor arbeidskapasitet.

Roy Keane

Roy keane 2014.jpg

Statsborgarskap Irland
Fødd 10. august 1971
Cork
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

KlubbspelEndra

Keane spelte på Nottingham Forest frå 1990 til klubben i 1993 rykte ned til nivå to i det engelske ligasystemet. Sommaren 1993 vart han overført til Manchester United for ein nasjonal rekordsum. Allereie våren 1994 kunne han glede seg over dobbeltriumf med United, triumf i ligaen og siger i FA-cupen. To år seinare kopierte Keane og Manchester United dobbeltsigeren. Etter ligapokal nummer tre i 1997, kom høgdepunkta tett i mai 1999. I løpet av to veker sanka Manchester United tre pokalar, fyrst tok laget heim ligameisterskapen, deretter vart det 2-0-siger over Newcastle United i FA-cupfinalen og til sist siger 2-1 mot Bayern München i meisterligafinalen. Keane måtte gå av bana med skade etter få minuttar i FA-cupfinalen, medan han var suspendert i meisterligafinalen. Som lagkaptein frå 1997 førte Keane klubben til tre nye ligatitlar etter 1999, før han avslutta sigersrekka med FA-cuptriumf i 2004. I sin siste storkamp for Manchester United, FA-cupfinalen 2005, måtte Keane sjå at Arsenal FC kneip pokalen, etter straffesparktevling. I desember 2005 fekk Keane kontrakt med skotske Celtic FC. Med Glasgow-klubben vann han den skotske serien i 2006, utan å ha vist gammal styrke. Han la opp ved sesongslutt.

Keane vert også hugsa for å ha sparka ned Manchester City-spelaren Alf Inge Håland bakfrå i ein ligakamp i 2001.

LandslagsspelEndra

Keane spelte 67 landskampar for Irland i tida 1991-2005. Han spelte alle fire kampane til laget under VM i fotball 1994, og var med i VM-troppa 2002. Før meisterskapen kom i gang, uttrykte han misnøye med landslagssjefen, Mick McCarthy, og vart send heim. Åra 1997-2002 var Keane kaptein på laget i 21 kampar. Han skåra 9 landslagsmål.

MerittarEndra

  • Vinnar av meisterligaen: 1999 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 1994, 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1994, 1996, 1999, 2004 med Manchester United
  • Skotsk ligameister: 2006 med Celtic FC

KjelderEndra