Rugged Island i Sør-Shetlandsøyane
Rugged Island (på spansk Isla Rugosa, tidlegare kalla Lloyds Island eller Ragged Island) er ei øy som ligg vest for Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane. Ho har eit flatevidd på 10,4 km².[1] Det høgaste punktet på øya, San Stefano Peak, er 256 meter over havet. Rugged Island var kjend for både amerikanske og britiske selfangarar så tidleg som 1820.
Rugged Island | |||
øy | |||
Rugged Island ligg til venstre for Livingston Island
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Shetlandsøyane | ||
Del av | Sør-Shetlandsøyane | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 62°38′S 61°15′W / 62.633°S 61.250°W | ||
Høgaste punkt | San Stefano Peak | ||
• høgd | 256 moh. | ||
Lengd | 5 km | ||
Areal | 10,4 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Rugged Island i Sør-Shetlandsøyane 62°38′00″S 61°15′00″W / 62.633333333333°S 61.25°W | |||
Plasseringa til Rugged Island in the Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Rugged Island vart først vitja i 1819 av selskuta «Espirito Santo» leigd inn av engelsk handelsmenn i Buenos Aires, med kaptein Joseph Herring. Skipet kom til ei bukt på nordkysten av øya, i dag kalla Hersilia Cove, der det engelske mannskapet gjekk i land juledag 1819, og gjorde krav på øyane for kong Georg III av Storbritannia. «Espirito Santo» slo seg 23. januar 1820 saman med den amerikanske briggen «Hersilia» med kaptein James Sheffield (og førstestyrmenn Elof Benson og Nathaniel Palmer), den første amerikanske selfangaren i Sør-Shetlandsøyane. Ei skildring av hendingane vart publisert av kaptein Herring i juli 1820 i Imperial Magazine i London.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rugged Island (South Shetland Islands)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4