Rundi
Rundi er eit bantuspråk som blir tala av rundt 10 millionar menneske i Burundi og tilstøytande område i Tanzania, Den demokratiske republikken Kongo og Uganda. 84 % av brukarane er hutuar, 15 % er tutsiar (etter eldre kategoriseringar), og 1 % høyrer til twa-folk.
Rundi | ||
Klassifisering | niger-kongospråk niger-nordofanianske benue–kongo bantoide språk bantuspråk | |
Bruk | ||
Tala i | Burundi | |
Runditalande i alt | 10 000 000[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | rn | |
ISO 639-2 | run | |
ISO 639-3 | run | |
Wikipedia på rundi |
Rundi er nært i slekt med njaruanda, hovudspråket i Rwanda som er naboland til Burundi, og med giha, eit språk snakka i det vestlege Tanzania. Rundi og njaruanda er gjensidig forståelege.
Rundi er ofte brukt som eit døme på Meeussens lov, som skildrer endringar i intonasjonen av ord.
Bakgrunnsstoff
endre- Amajambo Arkivert 2008-08-01 ved Wayback Machine.. Ordbok mellom rundi og engelsk.
- Grunnleggjande uttrykk på rundi ved bloggen Enjoy Burundi
- Babels tårn-forteljinga frå Første Mosebok på rundi ved omniglot.com
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kirundi» frå Wikipedia på bokmål, den 16. desember 2012.
Denne språkartikkelen som har med Burundi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.