Opna hovudmenyen
Vegkryss i Kharkiv i Ukraina. Spora i snøen viser nokre av dei ulike banane trafikken kan ta.

Vegkryss er ein møtestad mellom to vegar som fører til at trafikk som går i ulike retningar må kryssa banane til kvarandre. For å gjera trafikken i vegkryss meir ordna kan ein bruka trafikklys, rundkøyring, fotgjengarfelt og liknande.

I folketru har vegkryss ei viktig tyding. Kryssa har vore brukte til å gravleggja utstøytte og kriminelle, særleg sjølvmordarar.[1] I andre tradisjonar kunne ein møta «ein svart mann», nokre gonger kalla Djevelen, ved vegkryss. Dette er særleg ein utbreidd tradisjon innan afroamerikansk kultur, som hoodoo og blueskultur.

Sjå ogEndra

KjelderEndra

  1. «Criminal graves and rural crossroads», British Archaeology, no 25, June 1997: Features

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Vegkryss
  Denne transportartikkelen som har med kultur å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.