Runesteinane frå Gjerde kyrkje

Runesteinane frå Gjerde kyrkje i Etne kommune i Hordaland er to runesteinar frå høvesvis sein vikingtid og tidleg mellomalder.

Gjerde I endre

Steinen er første gong nemnt av antikvar Ole Worm. Han låg då som terskelstein ved inngangen til kyrkjegarden. Slik låg han fram til 1826 då biskop Jacob Neumann fekk sendt han til Bergens Museum. Steinen er i dag magasinert ved Universitetsmuseet i Bergen. Innskrifta er:

arlantr:ris(t):runar:þisa(r):
after:alui:faþur+

På norrønt er det: Erlendr reist rúnar þessar eptir Ǫlvi fađur.

På moderne norsk blir det: «Erlend rista desse runane etter Olve, far (sin)».

Wilhelm Koren Christie og fleire med han meinte at denne steinen har tilknyting til ein av ganske få historisk kjende personar frå byrjinga av 1000-talet. I Snorres saga om Olav den heilage opptrer stormannen Erlend frå Gerdi. Han fall i kampen mot Olav på Stiklestad. Magnus Olsen følgjer denne tolkinga og daterer steinen til ca. 1020.

Gjerde II endre

Denne steinen vart skildra av Christie før 1833, han låg då i kyrkjegardsmuren. I 1833 vart han henta ut og sendt til Bergens Museum. Innskrifta er:

ketil:seti:stein:þena:eptir:fin:mak:sin

På norrønt er det: Ketil setti stein þenna eptir Finn, måg sin.

På moderne norsk vert det: «Ketil sette denne steinen etter Finn, mågen sin». Måg vert brukt i vidare tyding enn i dag, det kan tyda svoger, svigerfar eller svigerson. Runene vert datert til ca. 1100.

Kjelder endre