Magnus Olsen

norsk språkforskar
For fotballspelaren, sjå Magnus Sylling Olsen.

Magnus Bernhard Olsen (28. november 187816. januar 1963) var ein norsk språkforskar frå Arendal, og professor i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo 1908-1948.

Magnus Olsen

Fødd28. november 1878
Arendal
Død16. januar 1963
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdenordistikk, Scandinavian philology, språkvitskap, runologi
Yrkelingvist, filolog, runologist, skribent, Scandinavian studies scholar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Kungliga Vetenskapsakademien
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Olsen tok artium i 1896, studerte ved Universitetet og vart cand.philol. med innstilling i 1903. Frå 1899 arbeidde han som amanuensis ved Universitetsbiblioteket i Oslo, og frå 1904 var han universitetsstipendiat. I 1908, 30 år gammal, vart han utnemnd til å etterfølgje læraren sin, Sophus Bugge, i professoratet i gammalnorsk og islandsk språk og litteratur (frå 1921 het faget norrøn filologi).

Det viktigaste arbeidet hans omfattar 7 hefte Edda- og skaldekvad med kommentarar, og 5 band med tolkingar av runeinnskrifter. Han bidrog til å fullføre Oluf Ryghs Norske Gaardnavne som redaktør/medredaktør av 3 bind. Teoriane hans om tilhøvet mellom stadnamn og religion og samfunnsforhold i førkristen tid vart presentert i bøkene Hedenske kultminder i norske stedsnavne (1915) og Ættegård og helligdom. Norske stedsnavn sosialt og religionshistorisk belyst (1926). Hvad våre stedsnavn lærer oss (1934) er ei konsentrert og lettlest innføring i temaet.

Han grunnla tidsskriftet Maal og Minne i 1909, og redigerte det i 40 år.

Magnus Olsen vart kommandør av St. Olavs Orden i 1945, han var medlem av Vitenskapsakademiet frå 1904, medlem av DKNVS, og riddar av den islandske Falkeordenen og den svenske Nordstjerneordenen. Olsen vart utnemnd til statsstipendiat i 1952. Han var svigerson av bibliotekar Albert Kjær.