Running Scared av Roy Orbison
Running Scared Singel av Roy Orbison frå albumet Crying | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | Mars 1961 | |
Innspelt | 1961 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 2:10 | |
Selskap | Monument 438 | |
Komponist | Roy Orbison, Joe Melson | |
Låtskrivar(ar) | Roy Orbison, Joe Melson | |
Produsent | Fred Foster | |
Roy Orbison-kronologi | ||
«I'm Hurtin'» (1960) |
Running Scared | «Crying» (1961)
|
«Running Scared» er ein popsong frå 1961 skriven av Roy Orbison og Joe Melson og sungen av Orbison. Det er ein operaaktig rockeballade,[1] og vart gjeven ut på singel av Monument Records i mars 1961. Singelen nådde toppen av Billboard Hot 100-lista og niandeplassen i Storbritannia. Songen vart sidan gjeven ut som det siste sporet på albumet Crying.
Songen manglar refreng og verset byggjer seg opp til eit klimaks, som utan vibrato syner krafta i den klåre, fulle røysta til Orbison. Songen vart skriven i ein bolero-stil og Orbison har fått æra for å ha henta denne stilen inn i rocken.
«Running Scared» vart ein internasjonal hit og B-sida «Love Hurts» vart ein stor hit i Australia. Singellista i Australia syner derfor singelen «Running Scared»/«Love Hurts» som ei dobbel A-side, og begge sidene nådde femteplassen på lista der. Dette gjer Orbison sin versjon av «Love Hurts» til den første hitversjonen. «Love Hurts» vart seinare særs kjend med ein versjon av rockebandet Nazareth i 1975.
Allmusic skreiv om songen: «Sidan Orbison var kongen av melodramatisk spaning i pop og rock, veit du det betyr at «Running Scared» var ein av dei mest melodramatiske rockehittane nokon gong. Spaninga oppstår umiddelbart med bolerorytmen og gitarklimpringa, og vokalen til Orbison, rein og kraftfull, men likevel med ein nervøs angst. Nøkkelen til spaninga er den gradvis oppbygginga av lag på lag med instrument, der orkesterinstrumenta og korstemmene langsamt byggjer seg opp over det første verset. Spaninga vert forsterka av teksten, som sjølv til Orbison å vere tar personlegdomen hans til det ekstreme: han og kjærasten hans flyktar med frykt, redd for at ekskjærasten hennar skal dukke opp og skape problem. Orbison er mest redd for at kjærasten vil gå frå han og attende til eksen sin. Slike tema har lenge vore utforska i popsongar, men det som skil 'Running Scared' frå dei andre er at her skjer nettopp det songaren fryktar. Eks-kjærasten møter opp. Orkesteret og korvokalen byggjer seg opp til eit crescendo i det kvinna tar valet sitt. Orbison når den øvre grensa for det som er mogeleg for den høge opera-aktige stemma si i klimakset og den siste setninga. Slik er den nesten paranoide frykta som byggjer seg opp gjennom songen, at det er lett å gå glipp av den faktisk lukkelege slutten. Kvinna vel å gå bort i lag med songaren».[2]
Just runnin' scared, each place we go
Roy Orbison (1961)
|
Andre versjonar
endre- Jack Scott, ein kanadisk rockabillysongar frå same tida, fekk ein mindre hit i 1962 med «Running Scared».
- The Fools i 1981 på albumet Heavy Mental, som nådde 50. plassen på Billboard Hot 100
- Nick Cave and the Bad Seeds i 1986 på albumet Kicking Against the Pricks
- Brokeback i 2001 på albumet Morse Code in the Modern Age: Across the Americas
- Jeff Lynne i 2012 på albumet Long Wave
- Del Shannon spelte inn songen tidleg i 1960-åra og song finalen «with me» slik som Orbison hadde gjort, i full stemme, ikkje falsett.
John Peel, den kjende BBC Radio-programleiaren som døydde i 2004, førte opp «Running Scared» av Roy Orbison som ein av songane han ønskte skulle spelast i gravferda hans.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Running Scared (Roy Orbison song)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 11 - Tennessee Firebird. [Part 3], Big Rock Candy Mountain. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ Running Scared på Allmusic