Rupert's Land
Rupert's Land, stundom kalla «Prince Rupert's Land», var eit territorium i Britisk Nord-Amerika som bestod av nedslagsfeltet til Hudsonbukta som var nominelt eigd av Hudson's Bay Company i 200 år frå 1670 til 1870, sjølv om det budde mange innfødde grupper i same området og som ønskte suverenitet i området. Rupert's Land ligg i dag hovudsakleg i Canada, men ein liten del finst i dag òg i USA. Det vart kalla opp etter prins Rupert av Rhinen, ein nevø av Karl I og den første guvernøren i Hudson's Bay Company.
Rupert's Land | |||
territorium | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Rupert's Land |

Områda som høyrte til Rupert's Land omfatatr heile Manitoba, det meste av Saskatchewan, det sørlege Alberta, det sørlege Nunavut, nordlege delar av Ontario og Quebec, i tillegg til delar av Minnesota og Nord-Dakota og nokre små område av Montana og Sør-Dakota.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Rupert's Land» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2011.