Russian Gap
Russian Gap er eit skard som strekkjer seg frå nord til sør mellom Havre Mountains og Rouen Mountains, nord på Aleksanderøya i Antarktis. Nordkysten av Aleksanderøya vart først skissert frå stor avstand i 1821 av den russiske ekspedisjonen under Fabian Gottlieb von Bellingshausen og dette skardet var visstnok ein av to opningar mellom tre av dei høge fjella dei såg. Skardet vart kartlagd i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter russarane som observerte området i 1821. Russian Gap og Edwards Gap er dei to einaste skarda av denne typen på Aleksanderøya.
Russian Gap | |||
fjellovergang | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Grensar til | Havre Mountains, Rouen Mountains | ||
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 69°11′S 71°13′W / 69.183°S 71.217°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Russian Gap 69°11′00″S 71°13′00″W / 69.1833°S 71.2167°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Russian Gap» (innhald frå Geographic Names Information System).