Ruth Rendell

britisk politikar og skribent

Ruth Barbara Rendell, baronesse Rendell av Babergh, (fødd som Ruth Barbara Grasemann, 17. februar 19302. mai 2015) var ein britisk forfattar og medlem av Overhuset i Det britiske parlamentet.[1]

Ruth Rendell

Pseudonym Barbara Vine
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 17. februar 1930
London
Død

2. mai 2015 (85 år)
London

Yrke politikar, romanforfattar, manusforfattar, skribent, forfattar
Språk engelsk
Politisk parti Det britiske arbeidarpartiet
Sjanger krim, mysterieforteljing
Medlem av Royal Society of Literature
Far Arthur Grasemann
Mor Ebba Elise Kruse
Ektefelle Donald John Rendell
Born Simon Arthur Charles Rendell
Ruth Rendell på Commons

Bakgrunn

endre

Rendell var fødd i South Woodford i Essex som dotter av to lærarar. Mor hennar, Ebba Kruse, var fødd i Sverige, men voks opp i Danmark, medan far hennar, Arthur Grasemann, var engelsk. Rendell voks opp som einebarn i Leyton, ein forstad på austkanten av London, men var ofte i Skandinavia i jula og andre feriar, og lærte både dansk og svensk. Under krigen blei mora ofte tatt for å vera tysk, og oppveksten til Rendell var prega av ei kjensle av utanforskap. Mor hennar utvikla etterkvart multippel sklerose og døydde medan Rendell var barn.[2]

Virke

endre

Rendell byrja i arbeidslivet som journalist. I 1964 debuterte ho med kriminalromanen From Doon with Death der ho introduserte karakteren som seinare skulle bli hennar mest kjente detektiv, Chief Inspector Reginald Wexford.

Parallelt med serien om inspektør Wexford skreiv Rendell psykologiske krimbøker, der ho utforska den avvikande psyka til forbrytarar. Etter hennar syn bidrar verdisynet til den engelske middelklassen ofte til å framkalla asosial og irrasjonell åtferd, i staden for å motverka henne.[3] Frå 1986 vidareutvikla ho utforskinga si av dette under pseudonymet Barbara Vine.[2]

Rendell blei rosa for elegant prosa, skarp innsikt i menneskesinnet og gode plott. Gjennom ein førtiårig forfattarkarriere spegla ho òg dei sosiale endringane i samfunnet, og sette søkelyset på område som familievald og den skiftande statusen til kvinner.

Rendell fekk ei lang rekke prestisjefylte prisar for bøkene sine. Mellom anna blei ho løna med ikkje mindre enn fire Gold Daggers, Crime Writers' Association sin pris for årets beste krimroman. A Fatal Inversion, skriven under pseudonymet Barbara Vine og vinnar av ein Gold Dagger-pris i 1987, var ein av sju nominerte til The Dagger of Daggers i 2005, CWA sin jubileumspris for beste kriminalroman gjeven ut dei siste 50 åra.

Fleire av bøkene til Rendell er filmatiserte, mellom anna i Pedro Almodóvar sin Carne trémula (Live Flesh). Inspektør Wexford-bøkene er blitt filmatiserte for TV med George Baker i hovudrolla som Reginald Wexford.[1]

I 1996 blei Rendell utnemnd til kommandør av Order of the British Empire.[1] I 1997 blei ho gjort til life peer.[1] Ho sat i Overhuset som baronesse og medlem av Labour.[1] Som Labour-politikar var Rendell blant dei fyrste til å motarbeida kvinneleg kjønnslemlesting frå plassen sin i Overhuset.[1]

I januar 2015 blei ho innlagt på sjukehus med slag, og døydde i mai same år.[4]

Bibliografi

endre
Originaltittel År Type Pseudonym Norsk tittel År Omsetjar Serie
From Doon with Death 1964 Roman Dødelig hilsen 1991 Sidsel Mellbye Inspektør Wexford 01
Vanity Dies Hard 1965 Roman
Wolf to the Slaughter 1967 Roman En morder tar feil 1974 Per A.Hartun Inspektør Wexford 02
The Secret House of Death 1968 Roman
The Best Man to Die 1969 Roman Før døden skiller oss 1974 Eldor Martin Breckan Inspektør Wexford 03
Vanity Dies Hard 1965 Roman
A New Lease of Death 1969 Roman Inspektør Wexford 04
A Guilty Thing Surprised 1971 Roman Inspektør Wexford 05
No More Dying Then 1971 Roman Inspektør Wexford 06
One Across, Two Down 1971 Roman
Murder Being Once Done 1972 Roman Dødens stillhet 1975 Hannemor Gram Inspektør Wexford 07
Some Lie and Some Die 1973 Roman Inspektør Wexford 08
The Face of Trespass 1974 Roman Forbudt område 1980 Kari Kemény
Shake Hands Forever 1975 Roman Farvel for alltid 1976 Karna Dannevig Inspektør Wexford 09
A Demon in my View 1976 Roman Djevel i sikte 1978 Siri Heiberg
The Fallen Curtain 1976 Noveller
A Judgement in Stone 1977 Roman Dømt til å drepe 1979 Siri Heiberg
Make Death Love Me 1979 Roman La døden elske meg 1981 Ådne Goplen
A Sleeping Life 1979 Roman Inspektør Wexford 10
Means of Evil 1976 Noveller Inspektør Wexford (noveller)
The Lake of Darkness 1980 Roman I skorpionens tegn 1982 Kari Kemény
Put on by Cunning 1981 Roman Forvoldt med list 1983 Ådne Goplen Inspektør Wexford 11
Master of the Moor 1982 Roman Hedemorderen 1984 Margrete Bratten
The Fever Tree 1982 Noveller
The Speaker of Mandarin 1983 Roman Inspektør Wexford 12
An Unkindness of Ravens 1985 Roman Inspektør Wexford 13
The Killing Doll 1984 Roman Dukken som drepte 1985 Ådne Goplen
A Tree of Hands 1984 Roman Et tre av hender 1986 Margrethe Bratten
The New Girlfriend 1985 Noveller
A Dark-adapted Eye 1986 Roman Barbara Vine
Live Flesh 1986 Roman Sin egen fiende 1987 Margrethe Bratten
A Fatal Inversion 1987 Roman Barbara Vine
Heartstones 1987 Kortroman Hjertesteiner 1988 Margrethe Bratten
Talking to Strange Men 1987 Roman Farlige fremmede 1989 Helge Simonsen
The House of Stairs 1988 Roman Barbara Vine
The Veiled One 1988 Roman Kvinne med slør 1990 Margrete Bratten Inspektør Wexford 14
The Bridesmaid 1989 Roman Brudepiken 1991 Margrete Bratten
Ruth Rendell's Suffolk 1989 Sakprosa
Undermining the Central Line 1989 Sakprosa
Going Wrong 1990 Roman Mot stupet 1992 Margrete Bratten
Gallowglass 1990 Roman Barbara Vine
King Solomon's Carpet 1991 Roman Barbara Vine Kong Salamos teppe 1992 Knut Johansen
Kissing the Gunner's Daughter 1991 Roman Brent barn 1993 Birgit Tønnesson Inspektør Wexford 15
The Copper Peacock 1991 Noveller
The Crocodile Bird 1993 Roman Krokodillefuglen 1994 Mona Lyche Ramberg
Asta's Book 1993 Roman Barbara Vine
Simisola 1994 Roman Simisola 1995 Per Malde Inspektør Wexford 16
No Night is Too Long 1994 Roman Barbara Vine
The Brimstone Wedding 1995 Roman Barbara Vine
The Reason Why :

An Anthology of the Murderous Mind
1995 Sakprosa
Blood Lines 1995 Noveller
The Keys to the Street 1996 Roman Gatens nøkler 1997 Per Malde
Road Rage 1997 Roman Vredens vei 1998 Per Malde Inspektør Wexford 17
A Sight for Sore Eyes 1998 Roman En fryd for øyet 1999 Hilde Sophie Plau
The Chimney-Sweeper's Boy 1998 Roman Barbara Vine
Harm Done 1999 Roman Vitnene 2001 Monica Carlsen Inspektør Wexford 18
Grasshopper 2000 Roman Barbara Vine
Piranha to Scurfy 2000 Noveller
Adam and Eve and Pinch Me 2001 Roman Varslet død 2003 Tone Bull
The Blood Doctor 2002 Roman Barbara Vine
The Babes in the Wood 2002 Roman Forvillede sjeler 2007 Linn Øverås Inspektør Wexford 19
The Rottweiler 2003 Roman Rottweileren 2005 Linn Øverås
Thirteen Steps Down 2004 Roman 13 trinn ned 2008 Linn Øverås
The Minotaur 2005 Roman Barbara Vine
The Water's Lovely 2006 Roman
The Thief 2006 Lettlesen bok
Not in the Flesh 2007 Roman Inspektør Wexford 20
The Birthday Present 2008 Roman Barbara Vine
Portobello 2008 roman
The Monster in the Box 2009 Inspector Wexford
Tigerlily's Orchids 2010 roman
The Vault 2011 Inspector Wexford
The Child's Child 2012 Barbara Vine
The Saint Zita Society 2012 roman
No Man's Nightingale 2013 Inspector Wexford
The Girl Next Door 2014 roman
Dark Corners 2015 roman

Prisar og utmerkingar

endre
  • 1975 – The Edgar Award for Best Short Story, for The Fallen Curtain
  • 1976 – The Gold Dagger for A Demon in my View
  • 1980 – The Martin Beck Award, for Drömmar till döds (Make Death Love Me)
  • 1981 – Arts Council National Book Award for Genre Fiction for The Lake of Darkness
  • 1982 – Prix du Roman d'Aventures for Le Maître de la lande (The Master of the Moor)
  • 1984 – The Silver Dagger for The Tree of Hands
  • 1984 – The Edgar Award for Best Short Story for The New Girlfriend
  • 1986 – The Gold Dagger for Live Flesh
  • 1987 – The Edgar Award for Best Novel for A Dark-adapted Eye
  • 1987 – The Gold Dagger for A Fatal Inversion
  • 1988 – The Angel Award for The House of Stairs
  • 1990 – Sunday Times Award for Literary Excellence
  • 1991 – The Gold Dagger for King Solomon's Carpet
  • 1991 – The Cartier Diamond Dagger for Lifetime Achievement
  • 1991 – Rivertonklubbens internasjonale ærespris
  • 1993 – Palle Rosenkrantz-prisen for Som fuglen i krokodillens gab (The Crocodile Bird) og Kong Salomons tæppe (King Salomon’s Carpet)
  • 1996 – Commander av Order of the British Empire
  • 1996 – Svenska Deckarakademins Grand Master-diplom
  • 1997 – Mystery Writers of America Grand Master Award
  • 2004 – The Gumshoe Award for Lifetime Achievement

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Obituary: Ruth Rendell». BBC News (på engelsk). 2. mai 2015. 
  2. 2,0 2,1 Brooks, Libby (3. august 2002). «Dark lady of whodunnits». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  3. «Obituary: Ruth Rendell». BBC News (på engelsk). 2. mai 2015. 
  4. Barnes, Anthony; Jefferies, Mark (2. mai 2015), «Sad news - crime writer Ruth Rendell has died», The Mirror (på engelsk), henta 29. april 2024