Ruth Vatvedt Fjeld
Ruth Eldbjørg Vatvedt Fjeld (fødd 8. mai 1948 i Aremark) er ein norsk professor i leksikografi og målføregransking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Ho vart vald til prorektor ved universitetet for perioden 2013–2017 saman med rektor Ole Petter Ottersen, men trekte seg frå vervet i 2014 etter usemje med Ottersen. Fjeld har tidlegare vore språkkonsulent for bokmål ved NRK.
Ruth Vatvedt Fjeld | |||
| |||
Fødd | 8. mai 1948 Aremark kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist, leksikograf | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening | ||
Verv | Prorektor ved Universitetet i Oslo 2013–2014 | ||
Føregangar | Inga Bostad | ||
Etterfylgjar | Vervet vakant (Ragnhild Hennum konstituert) |
Fagleg arbeid
endreHo vart dr. philos. ved Universitetet i Oslo i 1998, med avhandlinga Rimelig ut fra sakens art. Om tolkning av ubestemte adjektiv i regelgivende språk.
Ho har sidan 2000 vore ansvarleg for det leksikografiske bokmålskorpuset (LBK), ei stor samling elektroniske tekstar på bokmål henta frå ulike kjelder frå 1985 og framover, der kvart ord er merka og gjort søkbart for språkforsking. Det inneheld 100 millionar laupande ord.
Prorektor ved Universitetet i Oslo
endreI rektorvalet ved Universitetet i Oslo våren 2013 vart Fjeld vald til prorektor, universitetet si nest høgaste stilling, for fireårsperioden 2013–2017. Ho stilte til val saman med Ole Petter Ottersen, som vart vald til rektor.[1] Ho valde å trekkja frå vervet sitt i april 2014, og grunngav det med fagleg og arbeidsmessig usemje med Ottersen. Ifølgje Fjeld vart ho fråteken nesten alle arbeidsoppgåver som prorektor tradisjonelt har, m.a. ansvaret for forsking, og desse oppgåvene vart i staden gjeve til ein ikkje-vald viserektor. Ho opplyste at ho nesten ikkje hadde hatt arbeidsoppgåver og ikkje vart involvert i prosessar sjølv innan hennar ansvarsområde. Det var ifølgje Fjeld eit ope spørsmål om årsaka til avgangen hennar kunne kallast universitetspolitisk.[2][3] Etter at leiaren for kommunikasjonseininga sende ut pressemelding om at avgangen hennar «skyldes personlig overveielse og er ikke begrunnet med universitetspolitiske motsetninger,» gjekk Fjeld ut og dementerte dette og uttalte at pressemeldinga «vrir min begrunnelse i en feilaktig retning».[4] I eit intervju i Klassekampen uttalte ho at ho hadde protestert mot påstanden om «personlege» grunner òg i forkant og at ho opplevde handsaminga frå rektor som mobbing.[5][6][7][8][9]
Verv i organisasjonar
endreRuth Vatvedt Fjeld var leiar av Bymålslaget til 2013.[10] Ho er varamedlem av arbeidsutvalet i Norsk Kvinnesaksamskipnad frå 2016.[11]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ruth Vatvedt Fjeld» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mars 2019.
- Referansar
- ↑ Rektorvalget 2013 ved Universitetet i Oslo
- ↑ «Trekker seg etter langvarig mangel på arbeidsoppgaver» i Uniforum 6. mai 2014
- ↑ Hovedpersonen ut mot kronargument Arkivert 2015-04-07 ved Wayback Machine., Universitas
- ↑ Trekte seg som prorektor – reagerer på UiOs versjon, Uniforum
- ↑ Valgt og satt på sidelinja, Klassekampen, 22. mai 2014
- ↑ «Vi bør si minst mulig» – Studenter i opprør – krever nyvalg, Klassekampen, 23. mai 2014
- ↑ – Prøvde å pynte på en sak som er ubehagelig for rektor, Uniforum
- ↑ – Tilliten til Ottersen er svekket Arkivert 2015-04-02 ved Wayback Machine., Universitas
- ↑ Kjenner seg ikke igjen Arkivert 2015-04-02 ved Wayback Machine., Universitas
- ↑ Maal og Minne 2013, h. 1, s. 128.
- ↑ Landsstyret, Norsk Kvinnesaksamskipnad
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjoner av Ruth Vatvedt Fjeld i forskningsdokumentasjonssystemet CRIStin
- Publikasjoner av Ruth Vatvedt Fjeld i BIBSYS
- Kort presentasjon ved Universitetet i Oslo
- Disputas i 1998
- Om bokmålskorpuset på forskning.no (2008)
- Om banning i Aftenposten (2011)
- "Språkvaskeren" i Universitas