Ry Cooder av Ry Cooder
Ry Cooder Studioalbum av Ry Cooder | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1970 | |
Innspelt | 1970 | |
Sjanger | Rootsrock, blues, countryblues, folk, americana | |
Lengd | 33:28 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Van Dyke Parks, Lenny Waronker | |
Ry Cooder-kronologi | ||
---|---|---|
Ry Cooder | Into the Purple Valley (1972)
|
Ry Cooder er debutalbumet til den amerikanske rootsrock-musikaren Ry Cooder, gjeve ut i 1970.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B[2] |
Cooder var alt ein erfaren musikar i ein alder av 22 år då han steig ut av skuggen bak artistar han hadde spelt med som Jackie DeShannon, Taj Mahal, The Rolling Stones og Captain Beefheart, og fekk sin eigen platekonrakt med Warner Brothers i 1969. Debutalbumet hans kom ut året etter med ei blanding av blues, folk, rock & roll og pop, filtrert gjennom hans eigen intrikate og synkoperte gitar.[1] Van Dyke Parks og Lenny Waronker var produsentar på innspelinga.
Ti av elleve spor på albumet er coversongar av songar heilt attende til 1920-åra av artistar som Woody Guthrie, Blind Blake, Sleepy John Estes og Leadbelly, i tillegg til nyare songar som ein song av Randy Newman.
Allmusic skreiv om albumet: Det er eit morosamt samspel mellom slidegitaren til Cooder, saloonpianoet til Van Dyke Parks og gatehjørnetromminga som skapar eit stykke som er både laust og ledig og sofistikert. Om «Available Space» er den mest leikne augneblinken på albumet, er siste sporet, «Dark Is the Night» det mogsette med den nakne, akustiske slidegitaren til Cooder som trekk ut kvart einaste gram av det sørgmodige meisterverket til Blind Willie Johnson.»[1]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Alimony» | Brenda Jones, Welton Young, Robert Higginbotham | 2:55 |
2. | «France Chance» | Joe Callicott | 2:45 |
3. | «One Meat Ball» | Louis Singer, Hy Zaret | 2:27 |
4. | «Do Re Mi» | Woody Guthrie | 3:03 |
5. | «My Old Kentucky Home (Turpentine & Dandelion Wine)» | Randy Newman | 1:45 |
6. | «How Can a Poor Man Stand Such Times and Live?» | Alfred Reed | 2:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Available Space» (instrumental) | Ry Cooder | 2:11 |
8. | «Pigmeat» | Huddie Ledbetter | 3:07 |
9. | «Police Dog Blues» | Arthur Blake | 2:43 |
10. | «Goin' to Brownsville» | John Estes | 3:24 |
11. | «Dark Is the Night» (instrumental)) | Blind Willie Johnson | 2:48 |
Medverkande
endreMusikarar
endre- Van Dyke Parks - piano
- Ry Cooder - gitar, vokal, mandolin, bassgitar
- Chris Ethridge (ikkje oppført i plateomslaget) - bassgitar
- Richie Hayward (ikkje oppført i plateomslaget) - trommer
- Roy Estrada (ikkje oppført i plateomslaget) - bassgitar
- Milt Holland (ikkje oppført i plateomslaget) - trommer, perkusjon
- John Barbata (ikkje oppført i plateomslaget) - trommer
- Max Bennett (ikkje oppført i plateomslaget) - bassgitar
- Bobby Bruce (ikkje oppført i plateomslaget) - fiolin
- Gloria Jones - korvokal
Produksjon
endre- Van Dyke Parks - produsent; arrangør på «One Meat Ball»
- Lenny Waronker - produsent
- Judy Betz - produksjonsassistent
- Lee Herschberg - lydteknikar, miksing
- Doug Botnick - lydteknikar
- Thaddeus James Lowe - lydteknikar
- Rudy Hill - lydteknikar
- Bob Kovach - lydteknikar
- Kirby Johnson - dirigent, orkestrering
Andre
endre- Frank Bez - foto av Airstream-vogna
- Susan Titelman - foto av Cooder på baksida av omslaget
- Ed Thrasher - for kunstnarisk leiar
Salsliste
endreListe | Plassering |
---|---|
Billboard Pop albums | 216 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ry Cooder (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2020.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 http://www.allmusic.com/album/ry-cooder-mw0000171163
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2019 – via robertchristgau.com.