Opna hovudmenyen
Särna

Koordinatar: 61°41′30.574″N 13°8′14.082″E Särna er ein tettstad i Älvdalens kommun lengst nord i Dalarna, ved Österdalälven, nær norskegrensa. Staden hadde i 2006 ifylgje SCB 768 innbyggjarar. Hovudnæringa er turisme. Gjennom Särna går riksväg 70 og Länsväg 311 (SälenTännäs)

HistorieEndra

Särna (Serne) låg før under Noreg, men blei i 1644 okkupert av 200 svenske bønder leidde av presten Daniel Buskovius, og sidan låg bygda under Sverige saman med grannebygda Idre. Danmark–Noreg godtok offisielt denne overgangen fyrst ved grenseoppgangen i 1751, men slik at vestdelen av ålmenningen til dei to bygdene fall til Noreg; den høyrer i dag Engerdal til. Like nordvest for Särna ligg Njupeskär, den høgaste fossen i Sverige (125 m med 93 m i fritt fall).

Målet i Särna vert rekna til dei norske øysterdalsmåla.

Särna hadde jernbanetilknyting gjennom Limedsforsen-Särna Järnväg 19281972

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra