Södra Sunderbyn
65°39′32.846″N 21°56′20.440″E / 65.65912389°N 21.93901111°E Södra Sunderbyn er ein svensk tettstad i Luleå kommun i Norrbottens län i landskapet Norrbotten. I 2005 hadde tettstaden 2 875 innbyggjarar.
Nordaust for tettstaden, mellom riksväg 97 og Malmbanan, ligg Sunderby sjukhus, som blei bygd i samband med at ein på 1990-talet slo saman sjukehusa i Luleå og Boden. I Södra Sunderbyn ligg òg Sunderby folkhögskola.
Ved det nye området Hammaren veks tettstaden nesten saman med Gammelstaden og blir trafikkert av bybussar frå Luleå lokaltrafik. Södra Sunderbyn blir i aukande grad rekna som ein bydel til Luleå.
Sport
endreI Sunderbyn driv Sunderby SK verksemd innan ishockey, fotball, skiidrett og basketball. Spesielt innan basketball har idrettslaget gjort det godt. Mellom anna kjem landslagsspelarne John Rosendahl og Joel Nordin opphavleg frå Sunderby SK.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Södra Sunderbyn» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2012.