Luleå kommun

kommune i Norrbotten len i Sverige

Luleå kommune ligg på svenske länet Norrbottens län i landskapet Norrbotten. Kommunen har grensar til nabokommunane Boden, Kalix, Piteå og Överkalix, og har kystlinje mot Bottenviken i Austersjøen. Administrasjonssenter i kommunen er Luleå. Luleå kommune er den mest folkerike kommunen i Norbottens län.

Luleå kommun
kommune
Luleå stadshus.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Norrbottens län
Landskap Norrbotten
Areal 2 234,03 km²
 - land 2 094,18 km²
 - vatn 139,85 km²
Folketal 74 327[1] (2011)

Luleå kommun
65°35′4″ N 22°9′14″ E
Luleå Municipality in Norrbotten County.png
Wikimedia Commons: Luleå Municipality

GeografiEndra

Lule älv munnar ut i Bottenviken ved Luleå. Luleå skjergard består av over 700 øyar og holmar og er etter Stockholms skjergard det mest vidstrakte skjergardsområdet i Sverige. På grunn av den sterke landhevinga i Bottenviken endrar skjergarden utsjånad stadig og arealet til Luleå kommune aukar frå år til år. Fleire av øyane i skjergarden er busette, mellom andre Brändön, Stor-Brändön og Kallaxön.

Luleå er endepunkt for E10 og for Malmbanan. E4 går gjennom kommunen. Luleå-Kallax lufthamn har daglege ruter til fleire svenske byar, og er den mest trafikkerte lufthamna i Norrland

TettstaderEndra

Luleå kommune hadde atten tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[2]

# Tettstad Innbyggjarar
1. Luleå 45 467
2. Gammelstaden 4 892
3. Bergnäset 3 674
4. Södra Sunderbyn 2 875
5. Råneå 2 030
6. Antnäs 845
7. Alvik 771
8. Rutvik 759
9. Måttsund 587
10. Bensbyn 434
11. Bälinge 317
12. Ersnäs 299
13. Kallax 291
14. Karlsvik 270
15. Klöverträsk 259
16. Jämtön 236
17. Brändön 233
18. Persön 226

VenskapskommunarEndra

BileteEndra

KjelderEndra

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
  2. Statistiska centralbyrån den 31 december 2005

BakgrunnsstoffEndra