Sør-Innherad prosti

Sør-Innherad prosti var eit tenestedistrikt i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja for sokn i Frosta, Levanger og Verdal kommunar. Prostiet hadde til motsetnad til dei fleste prosti eit interkommunalt kyrkjeleg fellesråd. Prosten hadde sete i Verdal der Stiklestad kyrkje var prostikyrkje.[1] 1. januar 2019 vart Sør-Innherad og Nord-Innherad prosti slegne saman til Stiklestad prosti.[2] Sør-Innherad kyrkjelege fellesråd eksisterer framleis som sams fellesråd for Frosta, Levanger og Verdal.

Stiklestad kyrkje frå kring 1180.
Foto: Robert Eliassen
Alstadhaug kyrkje frå kring 1180.

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Steinkjer kyrkje Arkivert 2015-12-08 ved Wayback Machine. frå Kyrkjesøk
  2. «Nye «Stiklestad prosti» vedtatt i bispedømmerådet». Den norske kyrkja. Henta 19. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre