Opna hovudmenyen

Sør-Norge Aluminium AS (SØRAL) er eit aluminiumsverk som ligg på Husnes i Kvinnherad. Verket har ein produksjonskapasitet på om lag 165 000 tonn aluminium i året og er ein middels stor produsent etter norsk målestokk. Talet på årsverk er rundt 235 og omsetninga er på rundt 3 milliardar kroner (2008). Eigaren er Hydro Aluminium ASA (100 %).

Sør-Norge Aluminium AS
Sor norge aluminium as.JPG
SelskapsformAksjeselskap
Skipa29. juni 1962
EigarHydro Aluminium ASA (100 %)
BransjeIndustri
ProduktPressbolt
LandNoreg
HovudkontorHusnes
StyreleiarTom Petter Johansen
Adm.dir.Johan Berg
TilsetteCa. 380
OmsetnadCa. 3 milliardar NKR (2008)
Nettstadwww.hydro.no

Administrerande direktør er Johan Berg.

SØRAL vart ramma av den vanskelege situasjonen på aluminiumsmarknaden frå starten av 2009. I mars 2009 vart B-hallen teken ut av drift og produksjonskapasiteten redusert med rundt 50 prosent. Det vart også innført ei rullerande permitteringsordning mellom dei tilsette.

HistorieEndra

Sør-Norge Aluminium AS vart skipa 29. juni 1962 og produksjonsstart var 3. november 1965. Industriplanane danna bakgrunnen for at Kvinnherad vart storkommune frå 1. januar 1965 og fekk tillagt Fjelberg kommune og delar av Skånevik kommune i sør og delar av Varaldsøy kommune i nord. Industrietableringa førte også til at Husnes utvikla seg frå å vera ei lita jordbruks- og fiskeribygd til den største industritettstaden i kommunen.

Bakgrunnen for at det vart etablert storindustri på Husnes var dei dårlege tidene i næringslivet på slutten av 1950-talet. Sildefisket slo feil, og både fiskarar, hermetikkfabrikkar og skipsverft vart ramma. Dette førte til at lokale krefter ønskte å satsa på industrireising. Ein hadde rikeleg vasskraft, store ledige areal og arbeidskraft. På det internasjonale planet arbeidde Tryggve Lie for å skaffa kapital til industrireising i Noreg.

Han kom i kontakt med det franske industriselskapet COMPADEC (Compagnie pour l'Etude et le Development des Echanges Commerciaux). Dette selskapet vende seg til Aluminium Industrie Aktien-Gesellschaft (no Alusuisse) i Zürich med tanke på å få i stand eit kraftutbyggings- og aluminiumsprosjekt i Noreg. 16. januar 1962 møttest representantar for desse to selskapa og den kommunale leiinga på Sunde. Etter dette begynte planane å ta form.

Det nye verket fekk konsesjon for ein kraftleveranse på 950 millionar kilowattimar. Krafta skulle leverast frå Røldal/Suldal og Tokkeanlegga inntil det vart bygd ut i Mauranger.

Anleggstida på Husnes strekte seg over ein periode på om lag tre år, frå våren 1963 til våren 1966.

Ved oppstarten hadde SØRAL 485 tilsette. I slutten av mars 1966 vart også hall B sett i drift. Produksjonen var på 50 000 tonn aluminium det første heile driftsåret.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra