Søraust-USA
Søraust-USA (engelsk Southeastern United States) er den austre delen av Sørstatane i USA, og den sørlege delen av Aust-USA.
Søraust-USA | |||
region | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Søraust-USA 35°00′N 85°18′W / 35°N 85.3°W | |||
Kart over USA med Søraust-USA markert i mørkeraudt, og statar som av og til blir rekna til regionen i lyseraudt.
| |||
Wikimedia Commons: Southeastern United States |
United States Census Bureau har ingen offisiell definisjon på området, men Association of American Geographers definerer området som å omfatta delstatane Alabama, Florida, Georgia, Kentucky, Mississippi, Nord-Carolina, Sør-Carolina, Tennessee, Virginia og Vest-Virginia.[1]
Puerto Rico og Dei amerikanske Jomfruøyane ligg søraust for Florida, og er rekna som del av Sørstatane eller Søraust-USA av Federal Aviation Administration, Agricultural Research Service og U.S. National Park Service.[2][3][4]
Kjelder
endre- ↑ Association of American Geographers Arkivert 1. januar 2015 på Wayback Machine.
- ↑ https://www.faa.gov/about/office_org/headquarters_offices/arc/southern_region/ Federal Aviation Administration. Southern Region. Henta 5. juli 2020.
- ↑ https://www.ars.usda.gov/southeast-area/ Agricultural Research Service. Southeast Area. Henta 5. juli 2020.
- ↑ https://web.archive.org/web/20190705075545/https://www.nps.gov/orgs/rtca/contactus.htm U.S. National Park Service. Rivers, Trails, and Conservation Assistance Program. Contact Us (archived). Henta 5. juli 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Sydöstra USA» frå Wikipedia på svensk, den 6. januar 2024.