Søren Bøckmann
norsk embetsmann og politikar
Søren Gottfried Bøckmann (26. august 1771–27. oktober 1841) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Søren Bøckmann | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. august 1771 Brunlanes kommune |
Død |
27. oktober 1841 (70 år) |
Yrke | sorenskrivar, politimeister, politikar |
Språk | norsk |
Bøckmann var fødd i Brunlanes, far hans var sorenskrivar. Sjølv studerte han og vart cand. jur. i 1797. Året etter vart han sorenskrivar i Gauldal. Frå 1809 var han sorenskrivar i Lyngdal, seinare også politimeister i Farsund.
Bøckmann representerte Lister og Mandals amt på Stortinget i 1821. Han var då president i Odelstinget og visesekretær i Stortinget. Han var medlem av 21 komitear, formann i fire av og dei og sekretær i tre andre. Grunna sjukdom møtte han ikkje på det overordentlege storting 1822.
Bøckmann døydde i Farsund i 1841.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Søren Bøckmann NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv