Søren Tybring
Søren Tybring (6. november 1773–19. november 1822) var ein norsk prest og stortingsmann frå Høland i Akershus.
Søren Tybring | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. november 1773 Høland |
Død |
19. november 1822 (49 år) |
Yrke | presbyter, politikar |
Språk | norsk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Tybring var son til ein prest. Han vart student frå Herlufsholms skole i Danmark i 1790 og cand. theol. i 1796. Same året vart han personalkapellan i Kristiansand, frå 1798 aftensangprest og rektor ved borgarskulen på Bragernes i Drammen. Ei kort tid i 1802 sokneprest i Karleby på Falster i Danmark, same året utnemnd til sokneprest i Bragernes.
Tybring var 1. representant frå Drammen på omframstortinget i 1814. Dagboka hans frå tingtida er trykt i Historiske Samlinger band II.
Han døydde på Bragernes i 1822.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Søren Tybring NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv