Falster er ei dansk øy. Ho har eit areal på 514 km² og eit folketal på 43 537, der 40 % bur i den største byen på øya, Nykøbing Falster. På øya finn ein òg det sørlegaste punktet i Danmark, Gedser Odde.

Falster
Marielyst på Falster
Marielyst på Falster
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 54°48′N 11°58′E

Areal 514 km²

Administrasjon
Land Danmark
Region Region Sjælland
Største busetnad Nykøbing Falster (16 859 innb.)

Demografi
Folketal 43 537
Folketettleik 85 /km²

Ho er forbunde til Sjælland i nord via to bruer - Faröbruene er ein del av europaveg E47 frå København (og Helsingborg) til Lübeck (og vidare til Hamburg). E47 held fram via ein tunnell under Guldborgsund og vestover til naboøya Lolland. Frå her går det ferje vidare til Tyskland, men planar er lagt for at Femern Bælt-brua skal erstatte ferja. Bygginga av brua skal starte i 2008, og ho skal stå ferdig i 2015, då med ei lengd på 19 km. Farøbrua går til den litle øya Farø, og frå her går det ei ny bru vidare til den austlege naboøya Møn.

Det er to andre brusamband til Lolland, Guldborgsundbrya i den nordlege enden av sundet, og Frederik IX-bru ved Nykøbing Falster.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre