Sørvest-England
Sørvest-England (engelsk South West England) er ein region i England. Han dekkjer området kalla the West Country og store delar av det historiske Wessex, men ikkje Hampshire.
![]() Sørvest-England i England | |
Geografi | |
---|---|
Status | Region |
Areal | 23 829 km² |
Demografi | |
Folketal — Totalt — Folketettleik |
4 928 458 206,8 /km² |
BIN per innbyggjarar | £18 195 (4.) |
Styre | |
Adm. senter | Bristol / Plymouth |
Nettstad |
Då regionen vart oppretta bestod han av Avon, Cornwall, Devon, Dorset, Gloucestershire, Somerset og Wiltshire. Grevskapet Avon har sidan vorte oppløyst og fleire distrikt er overført frå eit grevskap til eit anna.
Sørvest-England utgjer ein valkrins for vala til Europaparlamentet. Frå og med valet i 2004 vart Gibraltar rekna med i regionen i denne samanhengen.
Statusen til Cornwall i regionen er noko omstridd. Sjølv om dei fleste reknar grevskapet som ein del av England, er det ein større minoritet som meiner at det bør reknast som ein eigen nasjon. Dei fleste av desse går ikkje inn for sjølvstende, men ønskjer å stå utanfor Sørvest-England og utgjere ein eigen region med ein grad av sjølvstyre.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Sørvest-England» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2009.