Opna hovudmenyen
S.F. Sorrow
Studioalbum av The Pretty Things
Utgjeve November 1968
Innspelt September 1967-September 1968
Studio Abbey Road Studios i London
Sjanger Psykedelisk rock, psykedelisk pop
Lengd 40:59
Selskap Columbia
Produsent Norman Smith
The Pretty Things-kronologi
Emotions
(1967)
S.F. Sorrow Parachute
(1970)


Singlar frå Pretty Things
  1. «Defecting Grey»
    Utgjeve: 1967
  2. «Talkin' About the Good Times»
    Utgjeve: 1968
  3. «Private Sorrow»
    Utgjeve: 1968
  4. «Baron Saturday»
    Utgjeve: 1969

S.F. Sorrow er det fjerde studioalbumet til den engelske rockegruppa The Pretty Things. Det kom ut i november 1968 og var eit av dei første, om ikkje det første, konseptalbumet innan rocken.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
The Guardian5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Pop Matters4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Rolling Stone(negativ)[4]

Soga var basert på ei novelle av songaren Phil May og albumet er strukturert som ein songsyklus som fortel soga om hovudpersonen Sebastian F. Sorrow frå fødsel, gjenom kjærleik, krig, tragedie og galskap til alderdom.

Sjølv om albumet er ein rockeopera har medlemmar av The Who sagt at det ikkje hadde noko stor påverknad på Pete Townshend då han skreiv Tommy (1969). The Pretty Things meiner at det likevel kan ha hatt ein innverknad,[5] og det same har somme kritikarar.[6]

SogaEndra

Forteljinga om S.F. Sorrow skil seg frå andre rockeoperaer og konseptalbum. Medan Tommy og Pink Floyd sitt The Wall fortel konseptet gjennom songtekstane, fortel The Pretty Things mesteparten av soga i små avsnitt som vart trykte mellom tekstane til kvar song i plateomslaget. Desse avsnitta vart lesne opp høgt mellom songane av Arthur Brown under dei to første konsertframføringane til The Pretty Things av operaen.

Som Tommy, opnar S.F. Sorrow med fødselen til hovudpersonen på byrjinga av 1900-talet. Sebastian F. Sorrow er fødd i ein namnlaus by av ordinære foreldre i eit hus kalla «Number Three.» Hovudnæringa i byen er ein slags fabrikk, som berre vert omtalt som «Misery Factory» («S.F. Sorrow Is Born»). Sorrow er ein fantasirrik gut og har ein relativt normal barndom, som brått endar då han må få seg ein jobb. Han går på jobb med faren i Misery Factory, der mange menn er blitt permitterte. Dette gjer S.F. til eit hatobjekt fordi han vert sett på som ein streikebrytar eller kanskje den unge mannen som tar jobben til ein eldre mann. Han kjem òg inn i den seksuelle ungdomstida si på denne tida («Bracelets of Fingers»). Livet til Sorrow er ikkje over enno. Han har framleis glede i livet då det bur ei vakker jente på andre sida av gata. Ho seier «god morgon» til han kvar dag og han tenkjer på ho heile tida. Dette er ein faktor som held han gåande trass i at barndommen brått har enda. Dei to vert forelska og forlover seg, men bryllaupsplanane deira vert brått avbrotne då Sorrow må inn i militæret («She Says Good Morning»).

Sorrow går inn i militæret («Private Sorrow») og må ut og kjempe i krigen, mogelegeins første verdskrigen. Sorrow går rundt i svime og under heile krigen er han ein reddhare. Etter kort tid vert lyden av geværeld og artilleri rytmen i livet hans i ein dagdraum. Han overlever krigen og slår seg ned i eit land kalla «Amerik» (som tydeleg syner til Amerika, fordi dei første orda i songen «Balloon Burning» er «New York»). Sorrow sin trulova reiser til han med eit luftskip, «Windenberg» (Hindenburg) som bryt ut i flammar då det kjem fram («Balloon Burning»), og alle ombord mistar livet. Kjærasten hans er død og Sorrow blir aleine («Death»).

Sorrow glir inn i depresjon og han legg ut på ei episk reise i undermedvitet sitt. Då han vandrar i gatene møter han den mystiske Baron Saturday (ein karakter meint å representere Baron Samedi, ein guddom i voodoo-religionen på Haiti). I svart kappe inviterer Saturday Sorrow med på ei reise og utan å vente på svar «låner han augo sine» og set i gang ei reise gjennom Underverda («Baron Saturday»).

Den trip-aktige reisa byrjar med ein flytur, der Sorrow vert driven fram av Baron Saturday og pisken hans. Sorrow tenkjer han skal fly til månen, som han alltid har vore fascinert av, men i staden ser han at det er hans eige andlet. Baronen pressar han gjennom munnen i andletet og ned halsen, der dei finn fleire eikedører. Saturday opnar dei og pressar S.F. Sorrow inn, der han finn eit rom fullt av speglar («The Journey»). Kvar spegel syner eit minne frå barndommen hans, som Baron Saturday foreslår han studerer godt. Etter spegelhallen kjem ei lang vindeltrapp som fører han til to ugjennomsiktige speglar som syner han den fryktelege sanninga og avsløringar frå livet hans («I See You»).

Sorrow vert øydelagd av reisa si. Han forstår at han ikkje kan stole på nokon lenger og at samfunnet vil kvitte seg med deg når du vert gammal og ikkje lenge kan tene det («Trust»). Han vert driven inn i ein mørk, mental avsondra stad med evig einsemd. På liknande vis som The Wall, er S.F. Sorrow ei soge om ein mann som har opplevd strabasar i livet som gjer at han byggjer ein mental mur som sperrer han ute frå resten av verda, og han forlet dei utan lys («Old Man Going»). Mot slutten av albumet identifiserer han seg sjølv som «den mest einsame personen i verda» («Loneliest Person»). I motsetnad til The Wall bryt han ikkje ut av denne mentale muren.

Innspeling og produksjonEndra

Då kontrakten deira med Fontana Records var over, fekk The Pretty Things kontrakt med EMI i september 1967. Den første utgjevinga deira for det nye selskapet var singelen «Defecting Grey» i november. Det var eit psykedelisk eksperiment som tente som eit utkast for S.F. Sorrow.

Innspelinga av S.F. Sorrow byrja i Abbey Road Studios i november 1967 med innspelinga av «Bracelets of Fingers». To spor som var øyremerka for albumet, «Talking About the Good Times» og «Walking Through My Dreams», vart i staden gjeven ut på singel i februar 1968. I mars 1968 slutta brått trommeslagaren Skip Alan i bandet for å gifte seg med den franske kjærasten sin, og Twink (fødd John Charles Alder), som hadde spelt i Tomorrow som nettopp var oppløyst, tok over.

Gruppa arbeidde med EMI-produsenten Norman «Hurricane» Smith (som hadde vore lydteknikar på tidlegare Beatles-innspelingar og produsert Pink Floyd-albumet The Piper at the Gates of Dawn) og huslydteknikaren Peter Mew og eksperimenterte med dei nyaste lydteknologiane, inkludert Mellotron og tidleg elektroniske tonegeneratorar. Dei brukte ofte duppedittar og teknikkar som vart utvikla på staden av teknikarane i Abbey Road.

Phil May har ettertrykkeleg sagt at Smith var den einaste personen i EMI som hadde full tru på prosjektet, og at den tekniske ekspertisen hans var uvurderleg for den ambisiøse, eksperimentelle stilen på albumet. May kalla til og med ein gong Smith det «sjette medlemmet» i bandet. Denne haldninga stod i kontrast til Pink Floyd, som var misnøgd med Smith.

UtgjevingEndra

Arbeidet med albumet var ferdig i september 1968 med innspelinga av det som kom til å bli avslutningssporet, «Loneliest Person». «Private Sorrow» og «Balloon Burning» vart gjevne ut på singel i oktober 1968, og albumet kom ut månaden etter, same veka som The Beatles-albumet White Album og The Kinks sitt The Kinks Are the Village Green Preservation Society. Fordi budsjettet var oppbrukt, måtte bandet sjølv ta seg av designet av plateomslaget. Framsida syner ei teikning av Phil May, medan Dick Taylor tok fotografiet på baksida. EMI gjorde lite for å marknadsføre albumet, og det kom ikkje ut i USA på selskapa som var knytte til EMI på den tida.

Over seks månader seinare plukka Motown opp av albumet som ei av dei første utgjevingane deira på den nye Rare Earth-etiketten, som var meint for rock. På den tida hadde Tommy alt vore ute i fleire månader, og S.F. Sorrow vart rekna som ein dårlegare kopi. I ei melding for Rolling Stone kalla Lester Bangs det «eit ultra-pretensiøst konseptalbum, med ei spent 'soge' (livet til ein mann frå ein oppveks på landsbygda til fortapt Oliver Twist-freakout), som ei slags grov, barnsleg blanding av The Bee Gees, Tommy og The Moody Blues, som burde skytast for det dei har gjort med engelsk rocketekstar.»[7] Den amerikanske versjonen av albumet var òg dårleg mastra (der lyden fall ut på eine kanalen på «Baron Saturday» i over 30 sekund). Det vart òg dårleg marknadsført av Motown. Eit nytt plateomslag gjorde heller ingenting for platesalet. Plateomslaget var heilt annleis, og tidlege eksemplar hadd ein avrunda topp, som gjorde at potensielle kjøparar lett kunne oversjå albumet i platehyllene.

S.F. Sorrow kom ut i både mono og stereo. Begge er blitt gjevne ut på CD av Snapper Records. Bandet har sjølv sagt at dei sterkt føretrekkjer monomiksen.

KonsertframføringarEndra

Kort tid etter albumet kom ut i1 968, prøvde bandet å framføre det på scenen på Middle Earth Club i London. Det skal ha vore eit merkeleg show, der bandet mima til plata. Kvart medlem spelte forskjellige roller, og i rolla som Sorrow var Twink med trikot og kvit andletssminke. Etter dette vart eit par av songane frå albumet spelte live på vanleg vis, mellom anna «She Says Good Morning», «Balloon Burning» og «Old Man Going».

Den 6. september 1998 drog besetninga som spelte inn originalalbumet - utan Twink – attende til Abbey Road Studio 2 for å framføre heile albumet live for ein av dei første direktesendingane på Internett. Dei hadde med seg Arthur Brown som las opp soga mellom songane. David Gilmour spelte sologitar på eit par av songane. Sonen til Skip Alan, Dov spelte perkusjon, Frank Holland spelte gitar og song og manageren Mark St. John spelte perkusjon. Publikum var spesielt inviterte vener og familie. Serveren vart raskt overlasta, så nesten ingen fekk sett konserten på direkten slik det var planlagt. Resurrection kom ut nokre månader seinare på CD, og ein DVD av konserten kom omsider ut i 2003.

Det same ensemblet framførte showet igjen for eit betalande publikum i The Royal Festival Hall i London den 19. oktober 2001. Planar om å framføre showt i Paris og Amerika vart aldri noko av, heller ikkje ein kort 40-årsjubileumsturne i Storbritannia i janaur 2009. Men ei utgåve av The Pretty Things med May, Taylor, Frank Holland, George Perez, Jack Greenwood og Mark St. John framførte albumet på scenen den 10. april 2009 under den årlege Le Beat Bespoke Weekender, sponsa av magasinet Mojo.[8] Arthur Brown var ikkje med og Phil May sjølv las soga mellom songane.

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «S.F. Sorrow Is Born»  Phil May, Dick Taylor, Wally Waller 3:12
2. «Bracelets of Fingers»  May, Taylor, Waller 3:41
3. «She Says Good Morning»  May, Taylor, Waller, Twink 3:23
4. «Private Sorrow»  May, Taylor, Waller, Jon Povey 3:51
5. «Balloon Burning»  May, Taylor, Waller, Povey 3:51
6. «Death»  May, Taylor, Waller, Povey, Twink 3:05
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Baron Saturday»  May, Taylor, Waller 4:01
8. «The Journey»  May, Taylor, Waller, Twink 2:46
9. «I See You»  May, Taylor, Waller 3:56
10. «Well of Destiny»  May, Taylor, Waller, Povey, Twink, Norman Smith 1:46
11. «Trust»  May, Taylor, Waller 2:49
12. «Old Man Going»  May, Taylor, Waller, Povey, Twink 3:09
13. «Loneliest Person»  May, Taylor, Waller, Twink 1:29
Bonusspor
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
14. «Defecting Grey»  May, Taylor, Waller 4:27
15. «Mr. Evasion»  May, Taylor, Waller, Twink 3:26
16. «Talkin' About the Good Times»  May, Taylor, Waller 3:41
17. «Walking Through My Dreams»  May, Taylor, Waller, Povey 3:35
18. «Private Sorrow» (singelversjon)May, Taylor, Waller, Povey 3:50
19. «Balloon Burning» (singelversjon)May, Taylor, Waller, Povey 3:45
20. «Defecting Grey» (acetatopptak)May, Taylor, Waller 5:10

MedverkandeEndra

The Pretty ThingsEndra

  • Phil May – vokal
  • Dick Taylor – sologitar, vokal
  • Wally Waller – bass, gitar, vokal, blåseinstrument, piano
  • Jon Povey – orgel, sitar, Mellotron, perkusjon, vokal
  • Skip Alan – trommer (på somme spor, slutta under innspelinga)
  • Twink – trommer (på somme spor, erstatta Alan), vokal

ProduksjonEndra

KjelderEndra

  1. Allmusic review
  2. https://www.theguardian.com/music/2010/may/06/pretty-things-sf-sorrow-cd-review
  3. http://www.popmatters.com/review/prettythings-sf/
  4. Bangs, Lester (7. februar 1970). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (51): 40. Henta 10. september 2019. 
  5. THE POP LIFE; The First Rock Opera (No, Not 'Tommy')
  6. Logan, Nick; Woffinden, Bob (1977). The Illustrated Encyclopedia of Rock (First Edition). New York: Harmony Books.
  7. Bangs, Lester (7. februar 1970). «S.F. Sorrow». Rolling Stone (51). 
  8. Le Beat Bespoke Weekender Is Here! 3:49 PM GMT 09/04/2009. «Le Beat Bespoke Weekender Is Here! – News – Mojo». Mojo4music.com. Arkivert frå originalen 13. april 2009. Henta 8. september 2012.