Ein SUV (kort for sport utility vehicle ('sports- og nyttekøyretøy')[1] er ei høgbygd stasjonsvogn med firehjulsdrift. I motsetning til konvensjonelle terrengbilar har denne typen sjølvberande karosseri og uavhengig hjuloppheng.

Volkswagen Touareg.

På grunn av firehjulsdrifta og stor frigangshøgd tek bilane seg godt fram i terrenget og har vorte populær hjå friluftsfolk.

SUV-ar har ofte kraftige bensin- eller dieselmotorar, stor masse og høgt drivstoffforbruk, noko som har ført til at dei har vorte kritiserte for å vera lite miljøvenlege [2]. Dei høgbygde karosseria resulterer i eit høgare massepunkt enn vanlege personbilar, noko som kan gå ut over køyreeigenskapane [3]. Den store massen fører òg til at dei gjer stor skade på andre køyretøy når dei er involverte i kollisjonar [3].

Bilmodellar i 2018 endre

Bilmodellar er mellom anna SEAT Ateca,[4]Skoda Karoq[4] og Volkswagen Tiguan[4]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «SUV». Store norske leksikon. 20. september 2012. Henta 2. august 2018. 
  2. Teimansen, E., Store SUVer er ute[daud lenkje], Dagbladet.no, 1/3-2007.
  3. 3,0 3,1 Billing, M. og Sunde, S.S., SUV – farligere enn du tror' Arkivert 2012-10-24 ved Wayback Machine., Tryggtrafikk.no, 15/8-2008.
  4. 4,0 4,1 4,2 Rune Nesheim (29. juli 2018). «Sportslig alternativ til Skoda Karoq». Dinside.no. Henta 31. juli 2018.