Opna hovudmenyen

Sa'ad (hebraisk skrift סַעַד, tyder Hjelp) er ein religiøs kibbutz i Negevørkenen sør i Israel. Han ligg nær Gazastripa og byane Sderot og Netivot og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 599 innbyggjarar.

Sa'ad kibbutz
kibbutz
PikiWiki Israel 7494 old security house of kibbutz saad.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Vest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Sdot Negev
Koordinatar 31°28′13.44″N 34°32′5.64″E
Grunnlagd 30. juni 1947
 - Grunnlagd av tidlegare Bnei Akiva-medlemmar
Tilhøyrsle Den religiøse kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sa'ad
Nettstad: www.saad.org.il

HistorieEndra

Kibbutzen vart grunnlagd den 30. juni 1947, dagen etter Operasjon Agatha, av avgangselevar frå Bnei Akiva-rørsla. Han vart grunnlagd på liknande vis som ein tårn og palisade-busetjing frå seint i 1930-åra, og var den første religiøse kibbutzen som vart grunnlagd av sabraer.

I krigen i 1948 vart kibbutzen nesten fullstendig øydelagd av den egyptiske hæren. Det lokale museet «Ma'oz Mul 'Aza» (Skansen ved Gaza) fortel i detalj om krigen i området, ovanfor Gazastripa.[1]

Etter krigen dyrka kibbutzen-medlemmane opp att jorda og landsbyen utvikla seg dei neste femti åra.

ØkonomiEndra

Sa'ad er ein av dei største produsentane i Israel av gulrøter, ein fjerdedel av produksjonen i landet.

KjelderEndra

  1. Maoz Mul Aza.

BakgrunnsstoffEndra