Damsgård Motorfabrikk vart stifta den 30. april 1925, av brørne Håkon og Alf Søyland, saman med Harald Svendsen. Frå starten og fram til 1929 heldt dei til i ei sjøbu i Damsgårdsveien, i Laksevåg ved Bergen.

Prototype, har bak seg mange sesongar i Lofoten
SABB Diesel. Denne motoren står på Norsk traktor og motormuseumStokke.

Historie endre

Den fyrste motoren, modell A, var ein 3 hk oppfyringsmotor, mynta på små fiskebåtar. Dette motoren synte seg vera driftssikker og vart produsert heilt fram til 1962. Den neste motoren kom på marknaden i 1927 og var ein 5-7 hk glødehovudmotor. Han hadde underdimensjonert veivaksel, noko som førte til ein rekkje havari og reklamasjonssaker. Det kom difor ei forbetra utgåve, som vart kalla type C 5-9 hk , som òg var i produksjon i 38 år. Motorane vart marknadsførte under merkenamnet Sabb. I 1936 vart det innført ein ny motor, type B, på 4-5 hk. På 1940-tallet kom to totakts dieselmotorar på markedet, type E og F, med effekt på 4 respektivt 5 hk. Men berre nokre få av desse vart produserte før Sabb gjekk attende til glødehodemotorar.

Fyrst på 1950-tallet kom Sabb type D, på 6-12 hk, som var i produksjon til midt på 60-talet. I 1955 kom ein firetakts dieselmotor, type G, på markedet. Han ytte 8 hk ved 1500 rpm. Seinare vart turtallet auka til 1800 rpm og effekten auka til 10 hk. Det vart produsert rundt 70.000 av denne typen fram til 2000-tallet. Ein tosylindra versjonen, kalla 2G, på 16-22 hk vart òg populær. To litt mindre firetakts dieselmotorar, type H og 2H, som kom på 1970-tallet hadde ein effekt på 6-8 respektivt 18 hk. Den siste og største motoren frå Sabb var type 2J. Han hadde direkteinsprøyting og ytte 30 hk.

I 1971 vart føretaket gjort om til aksjeselskap og fekk namnet Sabb Motor AS.

Bakgrunnsstoff endre