Sagfjord kyrkje
Sagfjord kyrkje er kyrkje for Sagfjord sokn i Ofoten prosti.
Sagfjord kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Hamarøy | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Sør-Hålogaland | ||
Prosti | Ofoten | ||
Sokn | Sagfjord | ||
Fellesråd | Hamarøy | ||
Type | Langkyrkje | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1885 | ||
Kyrkjegard | Like sørvest for kyrkja | ||
Diverse | Bygd 1775 på Presteid, attreist 1886 i Sagfjorden[1] | ||
Sagfjord kyrkje 68°00′00″N 15°46′06″E / 68°N 15.7682°E | |||
Wikimedia Commons: Sagfjord kirke |
Kyrkja vart bygd på Presteid som hovudkyrkje for Hamarøy i 1775, men vart riven og reist på nytt på garden Karlsøy som kapell for Sagfjord etter kongeleg resolusjon av 19. september 1885. I fylgje same resolusjonen skulle det haldast sju gudstenester i året i Sagfjord, og det skulle lagast til gravplass ved kyrkja.[2]
Kyrkjebygget på Presteid var ei krosskyrkje medan kyrkja vart attreist som ei langkyrkje i Karlsøy.[3] Kyrkja har tånet mot sørvest og koret mot nordaust og kyrkjegarden ligg like sørvest for kyrkja.
Altertavla og døypefonten i dagens Sagfjord kyrkje stammer frå ei endå eldre kyrkje på Presteid, som vart reist omkring 1660. Altertavla kan ha vorte laga i Bergen så tidleg som på 1600-talet.[4]
Referansar
endre- ↑ Nettstaden kirkekonsulenten.no
- ↑ «Kirkebøker, Nordland» på nettstaden til Arkivverket
- ↑ Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Sagfjord kirke, Karlsøy». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 165. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ Børge Strandskog: «Er altertavla i Sagfjord kirke kjøpt brukt i Bergen?» på nettstaden til Lokalavisa NordSalten. Publisert 20. mai 2006[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Om Sagfjord kyrkje i Lokalavisa NordSalten. Publisert 24. september 2008 Arkivert 2008-10-07 ved Wayback Machine.
- Sagfjord kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.