Sagfjord kyrkje er kyrkje for Sagfjord sokn i Ofoten prosti.

Sagfjord kyrkje
kyrkje
Foto: Hamarøy
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Ofoten
Sokn Sagfjord
Fellesråd Hamarøy
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 1885
Kyrkjegard Like sørvest for kyrkja
Diverse Bygd 1775 på Presteid, attreist 1886 i Sagfjorden[1]
Kart
Sagfjord kyrkje
68°00′00″N 15°46′06″E / 68°N 15.7682°E / 68; 15.7682
Wikimedia Commons: Sagfjord kirke

Kyrkja vart bygd på Presteid som hovudkyrkje for Hamarøy i 1775, men vart riven og reist på nytt på garden Karlsøy som kapell for Sagfjord etter kongeleg resolusjon av 19. september 1885. I fylgje same resolusjonen skulle det haldast sju gudstenester i året i Sagfjord, og det skulle lagast til gravplass ved kyrkja.[2]

Kyrkjebygget på Presteid var ei krosskyrkje medan kyrkja vart attreist som ei langkyrkje i Karlsøy.[3] Kyrkja har tånet mot sørvest og koret mot nordaust og kyrkjegarden ligg like sørvest for kyrkja.

Altertavla og døypefonten i dagens Sagfjord kyrkje stammer frå ei endå eldre kyrkje på Presteid, som vart reist omkring 1660. Altertavla kan ha vorte laga i Bergen så tidleg som på 1600-talet.[4]

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre