Saia Marilena Stueng
Saia Marilena Stueng (fødd 13. januar 1993) er ein norsk samisk forfattar frå Karasjok.
Saia Marilena Stueng | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. januar 1993 (31 år) Karasjok |
Yrke | forfattar |
Saia Marilena Stueng på Commons |
Stueng har ein mastergrad i samisk litteratur frå UiT Noregs arktiske universitet frå 2018. I mastergradsavhandlinga si skriv ho om samisk rap. Etter å ha delteke på Samisk forfattarforeinings og Sametingets forfattarstudium, debuterte ho i 2017 med ungdomsromanen Hamburgerprinseassa (Hamburgerprinsessa). Boka vart utseld frå forlaget kort tid etter at ho var publisert.[1]
I 2023 kom oppfølgjaren Eallá dušše oktii (Hamburgerprinseassa 2), boka kom på bokmål året etter. I 2024 vart ho nominert til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris for denne boka.[2]
Bibliografi
endreVitskapleg litteratur og faglitteratur
endre- 2018: “Bures boahtin sámi stáhtii”. Sámi ráppa almmolaš digaštallanbáikin. Mo ovddiduvvo dat lyrihkkan ja kollektiiva jietnan? Masteroppgåve, UiT.
- 2021: Anne Marit Guttorm Eira, Mette Anti Gaup, Risten Elle Sara, Anne Randi Solbakken, Saia Stueng: #giellaspáiddar 1. Karasjok: Davvi girji. [Lærebok i samisk som førstespråk for vidaregåande skole]
Skjønnlitteratur
endre- 2017: Hamburgerprinseassa – Davvi Girji
- 2023: Eallá dušše oktii (Hamburgerprinseassa 2) – Davvi Girji
Skjønnlitteratur i omsetjing
endre- 2019: Hamburgarprinsessa – bokmålsutgåve, Davvi Girji
- 2024: Hamburgerprinsessa 2 - Skjebnetid – bokmålsutgåve, Davvi Girji
Kjelder
endre- ↑ «Saia Marilena Stueng», www.forfattersentrum.no (på norsk), henta 2. januar 2025
- ↑ «Nominerejuvvon girjjálašvuođabálkkašupmái | Sámi allaskuvla», samas.no (på nordsamisk), 18. april 2024, henta 2. januar 2025
- Denne artikkelen bygger på «Saia Marilena Stueng» frå Wikipedia på bokmål, den 2. januar 2025.