Samisk litteratur

Samisk litteratur er litteratur laga av samar.[1] Denne litteraturen kan vera på ulike samiske språk eller på majoritetsspråka i landa samane bur i. I dag er det seks (ev. frå og med 2018 åtte) samiske skriftspråk som denne litteraturen blir skriven på. Samisk litteratur omfattar også ein rik munnleg forteljartradisjon der språkgrensene speler ei mindre rolle, ulike samiske grannespråk er forståelege seg i mellom.

Samisk tradisjonell munnleg litteratur endre

Samanlikna med dei fleste andre språksamfunn er den tradisjonelle samiske munnlege forteljartradisjonen svært godt dokumentert, med over 5000 sider soger, eventyr og folketekstar skrivne ned over ein dryg hundreårsperiode (sjå avsnittet om munnleg littaratur i bibliografi nedanfor). Fleire av eventyra inneheld vandremotiv, men dei skil seg også frå t.d. norske eller tyske eventyr samla inn i same periode ved av landsbyen og bondegarden ikkje er konstituerande element, og ved at naturen er meir sentral i eventyra.

I tillegg til dei store tekstsamlingane er det også fleire tidlege joikar, t.d. dei til Anders Fjellner.

Skriftleg litteratur endre

 
Lapponia frå 1673 av Johannes Schefferus med to dikt på samisk av Olaus Sirma, dei første trykte samiska dikta i historia.

1910-talet endre

Den første publiserte skjønnlitterære prosateksten skriven på samisk av ein same er Muitalus samiid birra av Johan Turi frå 1910.[1] 1910-talet var verkeleg ei vårløysing for samisk litteratur: Anders Larsen gav ut den første samiske romanen, Beaivi-álvu ('Daggry') i 1912, og Pedar Jalvi gav ut den første dikt- og novellesamlinga, Muohtačalmmit ('Snøfnugg'), i 1915.[1] Samtidig kom det også ut ei samiskspråkleg avis, Sagai Muitalæggje, og det samiske religiøse tidsskriftet Nuorttanaste. Ein kort mannsalder tidlegare, i 1896, hadde den nordsamiske Bibelen komme ut, noko som også styrka den samiske skriftkulturen.

Det skulle gå mange tiår før denne litterære vårløysinga fekk følgjer. Det som kunne ha vorte dei neste to-tre generasjonane samiske forfattarar vart hindra av ein målmedviten fornorsking-, forfinsking- og forsvenskingspolitikk.

1915-1978 endre

Etter Pedar Jalvis Muohtačalmmit kom det i ein 60-års-periode ikkje ut samiskspråkleg skjønnlitteratur i Noreg. Dette er perioden med den hardaste assimileringspolitikken. Derimot gav norskspråklege Matti Aikio ut verk med samar i sentrale roller. I Sverige og Finland kom det ut eit par bøker på samisk, men også der stod samisk litteratur svakt. Samtidig er dette ein aktiv periode for innsamling av samisk munnleg litteratur. Av totalt 25 titlar med innsamling av munnleg litteratur, er 14 frå denne perioden, med eit tyngdepunkt på 1950- og 1960-talet.

1979 til i dag endre

I 1979 fekk nordsamisk for første gong ei felles rettskriving for heile det nordsamiske språkområdet, utarbeidd av morsmålstalarar frå ulike dialektområde, heller enn av utanlandske språkforskarar, som for tidlegare ortografiar. Kombinert med stemningsskriftet med ein ny etnopolitikk under og etter Alta-aksjonen førte det til ei brei samisk litterær utvikling.

Dei første viktige forfattarane kom frå finsk side: Nils-Aslak Valkeapää, Kirsti Paltto, Jovnna-Ánde Vest og Rauni Magga Lukkari. Som kollegene sine på norsk og svensk side hadde også dei vakse opp utan skoleopplæring på eige språk, men i og med at samisk og finsk grammatisk og ortografisk sett er såpass like hadde dei eit betre utgangspunkt for å skape ein ny litterær tradisjon.

Valkeapää starta ut med å kombinere joik med nye musikksjangrar, eit grep som heilt frå starten av gjorde han til ein kontroversiell forfattar. Han heldt fram med å blande sjangrar, noko vi ser i t.d. diktsamlinga Beaivi, Áhčážan, eit verk som gav han Nordisk Råds litteraturpris i 1991.

Ein annan forfattar som starta ut med å blande sjangrar er Jovnna-Ánde Vest, som med debutromanen Čáhcegáddái nohká boazobálggis ('Reintråkket ender ved bredden') frå 1988 kombinerer eit sjølvbiografisk innhald med ei romanform med sterke islett av magisk realisme. Utover i forfattarskapen reindyrkar Vest romanforma, både i Kapteainna ruvsu (1992) og i triologien Árbbolaččat ('Arvingane', 1997, 2002, 2005). Árbbolaččat fortel om folk i ei samisk bygd i løpet av moderniseringa i tiåra fram mot midten av 1980-talet.

Kirsti Paltto og Rauni Magga Lukkari har primært skrive lyrikk og noveller.

På norsk side har Ellen Marie Vars vore ein sentral forfattar.

Pionerane blant dei samiske forfattarane på Kolahalvøya er m.a. kildinsamen Aleksandra Antonova, tersamen Oktiabrina Voronova og skoltesamen Askold Bazjanov.[2][3]

Samiske forlag endre

Det materielle grunnlaget for samisk litteratur er i dag langt betre enn for nokre tiår sidan, for ikkje å snakke om vilkåra under fornorskingsperioden. Det finst fleire samiske forlag: ČálliidLágádus, DAT, Davvi Girji, Gollegiella, Iđut. I dei ulike nordiske landa er det stønadsordningar for å gje ut samisk litteratur, slik at det no er mogleg å bere kostnadene med å gje ut bøker i så små opplag som litteratur for så små språkområde har.

Kjende forfattarar og skribentar endre

Sjå også endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Gaski, Harald; Skåden, Sigbjørn; Fredriksen, Lill Tove (14. mai 2019). «samisk litteratur». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Rießler, Michael (2018). «Kola Sámi literature (Kildin Sámi, Ter Sámi, Akkala Sámi)». I Johanna Domokos. Čálli giehta olla guhkás A writing hand reaches further (Sámi proverb) : recommendations for the improvement of the Sámi literary field (på engelsk). Helsingfors: Kultur för alla. s. 67–71. ISBN 978-9-526677-4-22.  (hela boken som pdf, Vitja 2020-03-10)
  3. Rießler, Michael (2018). «Skolt Sámi literature». I Johanna Domokos. Čálli giehta olla guhkás A writing hand reaches further (Sámi proverb) : recommendations for the improvement of the Sámi literary field (på engelsk). Helsingfors: Kultur för alla. s. 73–78. ISBN 978-9-526677-4-22.  (hela boka som pdf, Vitja 2020-03-10)
  4. Tahkolahti, Jaakko (2001). «Nils-Aslak Valkeapään muistokirjoitus». Helsingin sanomat. Henta 20.2.2012. 
  5. «The History of Nordic Women's Literature». nordicwomensliterature.net. Henta 14. oktober 2019. 

Samisk litteratur endre

Utgjevingar av samisk tradisjonell munnleg litteratur endre

  • Aikio, Samuli und István Kecskeméti und Zoltán Kiss (gesamm. und hrsg.): Lappische Joiku-Lieder aus Karasjok. Gesungen von Anders Ivar Guttorm. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia 149. 1972. 253 p. (ISBN 951-9019-01-4).
  • Borg, Edvard Wilhelm 1861: Enare-lappska sagor
  • Halász, Ignácz 1886: Svéd-lapp nyelv. I. Lule és Pite lappmarki nyelvmutatványok és szótár.
  • Halász, Ignácz 1887: Svéd-lapp nyelv. II. Jemtlandi lapp nyelvmutatványok.
  • Halász, Ignácz 1887: Svéd-lapp nyelv. III. Ume- és Tornio-lappmarki nyelvmutatványok.
  • Halász, Ignácz 1893: Svéd-lapp nyelv. V. Népköltési gyűjtemény a Pite lappmark Arjepluogi egyházkeruléteből.
  • Donner, Otto 1876: Lieder der Lappen – Lappalaisia lauluja.
  • Friis, J. A. 1856: Lappiske Sprogprøver. En Samling af lappiske Eventyr, Ordsprog og Gaader. Med Ordbog.[daud lenkje]
  • Itkonen, T. I. (julk. ja koonnut I–II), D. E. D. Europaeus (koonnut III) 1931: Koltan- ja kuolanlappalaisia satuja. I–II. Kolttalaisia ja kildiniläisiä satuja. III. Jokongalaisia satuja. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia LX.
  • Lagercrantz Eliel 1957: Lappische Volksdichtung. I. West- und südlappische Texte. Anhang: K. A. Jaakkolas Sammlung südlappischer Texte. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia 112.
  • Lagercrantz Eliel 1958: Lappische Volksdichtung. II. Lyngenlappische, nordwestlappische und westfjordlappische Texte. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia 115. .
  • Lagercrantz Eliel 1959: Lappische Volksdichtung. III. Seelappische Texte des Varangergebiets. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia 117. 1959.
  • Lagercrantz Eliel 1960: Lappische Volksdichtung. IV. Seelappische Gesangsmotive des Varangergebiets mit Noten. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia 120.
  • Lagercrantz, Eliel 1961: Lappische Volksdichtung. V. See- und Skolte-lappische Texte des südlichen Varangergebiets. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia 124.
  • Lagercrantz, Eliel (gesamm., übers. und hrsg.) 1963: Lappische Volksdichtung. VI. Texte aus den see-, nord-, west- und südlappischen Dialekten. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia 126. 1963.
  • Lagercrantz, Eliel 1966: Lappische Volksdichtung. VII. Sonagraphische Untersuchung lyrischer lappischer Volkslieder aus Karasjok und Enontekiö mit Noten und Erklärungen. Wörterverzeichnis. Sachregister. Schlusswort. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia 141. 1966. 300 p. 17 €.
  • Launis, Armas 1908: Lappische Juoigos-Melodien. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia XXVI. 1908.
  • Setälä, E. N. 1890: Lappische Lieder aus dem XVII:ten Jahrhundert.
  • Qvigstad, Just 1925: Lappische Märchen- und Sagenvarianten. FF Communications N:o 60. Helsinki 1925.
  • Qvigstad, Just 1927: Lappiske eventyr og sagn I. Lappiske eventyr og sagn fra Varanger. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo 1927-29.
  • Qvigstad, Just 1927-29:Lappiske eventyr og sagn II. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo.
  • Qvigstad, Just 1927-29:Lappiske eventyr og sagn III. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo.
  • Qvigstad, Just 1927-29:Lappiske eventyr og sagn IV. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo.

Skriftleg litteratur endre