Saimaa kanal

(Omdirigert frå Saimaa-kanalen)

Saimaa kanal (russisk Сайменский канал, Sajmenskij kanal; finsk Saimaan kanava) er ein kanal mellom innsjøen Saimaa og Finskebukta. Kanalen opna i 1856, og vart bygd mellom byane Villmanstrand og Viborg, begge den gong ein del av det autonome Storhertugdøme Finland i Russland.

Saimaa kanal
kanal
Land  Russland,  Finland
Kart
Saima kanal
60°59′33″N 28°29′24″E / 60.992591666667°N 28.489952777778°E / 60.992591666667; 28.489952777778
Wikimedia Commons: Saimaa Canal
Frå bygginga av Saimaa-kanalen.

I Freden i Moskva 1940 vart Det kareliske neset og byen Viborg ein del av Sovjetunionen, og kanalen vart dermed delt i to og all trafikk i kanalen vart lagt ned.

Ein avtale i 1963 bygsla den russiske delen av av kanlen og øya Malyj Vysotskij (Ravansaari) til Finland for femti år. Ein ny og djupare kanal vart bygd av finnane og opna for trafikk i 1968. Lengda på denne kanalen er 42,9 km.

Kanalen og andre vassvegar gjer at ein kan nå 120 innsjøar i det sørlege Finland. Lengda på djupe kanalar i Saimaa er 814 km. Dimensjonane på slusene i kanalen og vassvegane er ei lengd på 85 meter og ei breidd på 13,2 m.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre