Sakshaug gamle kyrkje

Steinkyrkje frå 1100-talet

Sakshaug gamle kyrkje ligg i Inderøy kommune i Trøndelag og er ei steinkyrkje i normannisk stil med gotiske trekk.

Sakshaug gamle kyrkje
kyrkje
Teknikk mur
Material kalkstein
Innvigd 1184
Døypefont frå mellomalderen
Altartavle frå 1692
Diverse Kyrkja høyrer til Fortidsminneforeninga.
Kart
Sakshaug gamle kyrkje
63°52′31″N 11°16′43″E / 63.8754°N 11.2787°E / 63.8754; 11.2787
Wikimedia Commons: Sakshaug gamle kirke

Historikk

endre

Kyrkja vart vigsla av Erkebiskop Øystein i 1184 og vart teken ut av bruk i 1871 då nye Sakshaug kyrkje vart vigsla. Kyrkja vart overdregen til fortidsminneforeningen i 1873 og vart restaurert frå 1910 til 1958 etter å ha stått utan tak og interiør sidan 1873. Ved vindauga og korbogen finst det steinhoggarmerke som viser at det var steinhoggarar frå bygginga av Nidarosdomen som bygde denne kyrkja.

Bygningen

endre
 
Portal på nordveggen

Veggane er i kistemurar i kalkstein, og kyrkja er forsterka med støttemurar på sørsida. Grunnplanet har rektangulært skip og nært kvadratisk kor. Sakristiet vart bygd ca. 1430 over ei kjelde på sørsida og var opphavleg eit kapell. Portalane i skipet er romanske (rundboga), men portalen til koret i sør er spissboga med marmor og kapitel.

Dekor

endre

Kyrkja er sparsommeleg dekorert utvendig. På nord- og vest-sida er det s.k. demonmasker som var vanleg på tida kyrkja vart bygd. Det har vore tårn på kyrkja før - på tersklane til portalen på sørsida er det rissa inn eit bilete av kyrkja med tårn. Kyrkja hadde også tårn då ho vart teken ut or bruk i 1871, men kyrkja har ikkje tårn i dag.

Interiør

endre
 
Demonmaske frå nordveggen

Døypefonten er frå mellomalderen og er teken vare på. Preikestolen er i tre og frå 1646 og er skoren ut av Johan Bilthugger og er måla av Johan Kontrafeier. Det oppmura altarbordet har eit relikviegøyme i altarplata.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre