Salamína
Salamína (gresk Σαλαμίνα, i antikken Σαλαμίς, Salamís) er den største av Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas, om lag 2 km utanfor Pireus. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2]
Salamína Lokalt namn Σαλαμίνα | |
---|---|
Utsyn over Salamína | |
Geografi | |
Stad | Saroniabukta i Egearhavet |
Koordinatar | 37°58′N 22°30′E / 37.967°N 22.500°E |
Øygruppe | Dei saroniske øyane
|
Areal | 96,09 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Øyane |
Største busetnad | Salamína (24 537 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 37 220 (2021[1]) |
Folketettleik | 387,3 /km² |
Paloúkia er den største hamna, den nest største i Hellas etter Pireus. Namnet «Salamis» kjem sannsynlegvis frå Salam (chalam), som tyder 'fred' eller 'ro' og som vart nemnd av Homer. Ho kan òg ha vore kalla opp etter mor til Kykreos. Kykreos var den første kongen på øya.
Historie
endreSalamína er kjend for slaget ved Salamis, og skal i følgje gresk mytologi vere fødestaden til Ajax og Euripides, som visstnok vart fødd same dag som slaget ved Salamis. I moderne tider har ho vore hovudkvarter for den greske marinen. Hamna vart bomba av tyske Luftwaffe i 1941, som sokk dei greske slagskipa «Kilkis» og «Lemnos».
Folketalet auka etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen, men forstadshus kom først seinare i 1970-åra. Byområdet voks på 1980- og 1990-talet til dei sentrale og vestlege delane av øya, medan det vart bygd luksusbustader i nord, i vest og i sør.
Administrativ inndeling
endreHeile øya er i dag ein kommune etter at ein i 2011 slo saman dei tidlegare kommunane
- Salamína
- Ambelákia
Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 37 220 innbyggjarar, medan kommunaleininga Salamína hadde 30 235 og tettstaden med same namn 24 537 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Salamína | Salamína | 25 370 | 24 537 |
Ambelákia | Ambelákia | 4 710 | 4 530 |
Eándio | Salamína | 4 860 | 4 390 |
Selínia | Ambelákia | 2 509 | 2 376 |
Stenó | Ambelákia | 198 | 239 |
Dei andre busetnadene på øya er:
|
|
|
|
Småøyar i kommunen:
- Ájos Jeórjios (0)
- Arpidóni (0)
- Léros (0)
- Makrónisos (0)
- Megáli Kýra (0)
- Mikrí Kýra (0)
- Revythoúsa (0)
- Gaidoúri (0)
- Kanákia (0)
- Péra (0)
- Peristéria (0)
- Trínisa (0)
- Atalándi (0)
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Salamis Island» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2007.