Salmøya (russisk Остров Сальм; Ostrov Salm) er ei om lag sirkelforma øy i Frans Josefs land i Russland.

Salmøya
Land  Russland
Del av Frans Josefs land
Areal 343,7 km²
Folketal 0
Kart
Salmøya
80°00′00″N 59°20′00″E / 80°N 59.333333333333°E / 80; 59.333333333333

Salmøya er nesten heilt dekt av is bortsett frå eit nes på sørkysten. Ho er 17 km på det lengste og eit areal på 344 km². Det høgaste punktet er 343 meter over havet.

Salmøya vart namngjeve av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen etter aristokratfamilien Salm-Hoogstraeten som grev Karl Aleksander, ein av dei største økonomiske støttespelarane til ekspedisjonen. Salm-Hoogstraeten-familien må ikkje forvekslast med Hochstetter-familien.

Øya er omgjeve av fleire mindre øyar.

Nærliggande øyar endre

  • Ostrova Bisernyje er to småøyar som ligg like sør for Salmøya.
  • Eit par kilometer mot nordaust ligg Hochstetterøyane (Острова Гохштеттера eller Острова Хохштеттера). Her ligg den 6,5 km lange og 4 km breie Hochstetterøyane (òg kalla Gogstettera Juzjnyj) og to mindre øyar Gogstettera Srednij og Ostrov Albatros. Hochstetterøyane er kalla opp etter den tyske fyrstefamilien Hochstetter i Austerrike-Ungarn.
  • Nord for Salmøya ligg den 3,7 km lange Koldeweyøya, (Остров Кольдевея), kalla opp etter kaptein Karl Koldewey på skipet «Hansa». Koldewey var leiare for Germania-ekspedisjonen, den andre tyske ekspedisjonen til Arktis i 1869-1870. Det høgaste punktet på øya er 66 meter over havet.
  • Nord for Koldeweyøya ligg den vesle Schönauøya (Остров Шёнау). Ho er kalla opp etter Teplitz-Schönau, (i dag Teplice i Tsjekkia), fødestaden til den austerriksk-ungarske keisaren Frans Josef I.
  • Sørvest for Salmøya ligg den 10 km lange Wilczekøya, (Остров Вильчека) (som ikkje må forvekslast med Wilczek land i same øygruppe). Mellom dei to øyane ligg eit 3 km smalt sund. Ho er kalla opp etter den austerriksk-ungarske adelsmannen Johann Nepomuk Graf Wilczek.
  • 4 km søraust for Salmøya ligg den vesle og runde Litkeøya, (Остров Литке). Ho har eit areal på 14 km² og vart kalla opp etter den russiske greven Fjodor Petrovitsj Litke.

Kjelder endre

80°04′N 59°16′E / 80.067°N 59.267°E / 80.067; 59.267