Opna hovudmenyen
Plasseringa til Wilczekøya og naboøyane i Frans Josefs land

Wilczekøya (russisk Остров Вильчека; Ostrov Viltsjeka) er ei øy søraust i Frans Josefs land i Russland.

Wilczekøya er ei 10 km lang øy sørvest for Salmøya. Mellom dei går eit 3 km smalt sund.

HistorieEndra

Wilczekøya var den første øya i Frans Josefs land som den austerriksk-ungarske polekspedisjonen gjekk i land på 1. november 1873. Det vart grave ei grav på land for Otto Krisch som døydde på veg dit, og ein varde vart reist med ei melding i ein boks som opplyste om den nye oppdaginga.

5. august 1991 nådde det tyske skipet «Dagmar Aaen» med Arved Fuchs Wilczekøya og Fuchs fann boksen med meldinga i steinvarden, men skrifta var ikkje mogeleg å lese. Dokumentet vart ført til kriminalpolitiet i Wiesbaden. Der skrifta vart tyda og det vart stadfesta at det var ei melding frå polfararane Julius Payer og Karl Weyprecht. Dokumentet er i dag i Deutsches Schiffahrtsmuseum i Bremerhaven.

Wilczekøya må ikkje forvekslast med den mykje større Wilczek Land som ligg i same øygruppe., begge kalla opp etter den austerriksk-ungarske grev Johann Nepomuk Wilczek. Grev Wilczek finansierte det meste av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen til Frans Josefs land.

LamontøyaEndra

12 km sør for Wilczekøya ligg Lamontøya (russisk остров Ламон) 79° 48' N; 58° 40' E. Dette er ei lita dobbeløy, som berre er 1,3 km lang. Lamontøya er den sørlegaste øy i Frans Josefs land og vert på enkelte kart kalla Lamonøya. Øya vart kalla opp etter den skotske polfararen Sir James Lamont.

KjelderEndra

Koordinatar: 79°53′N 58°45′E