Salon des Refusés

Salon des refusés ('Salongen til dei refuserte') var ei kunstutstilling som opna i Paris den 15. mai 1863 i utstillingshallen Palais de l'Industrie. Ho stilte ut måleri som var blitt forkasta av juryen ved Parissalongen, den offisielle utstillinga til Académie des Beaux-Arts.

Fasaden til Palais de l'Industrie i Paris.

Utstillinga markerer skilnaden mellom tradisjonelle retningsliner for kunst (akademisk kunst) og framveksten av moderne kunst på slutten av 1800-talet, representert av moderne realisme og ikkje minst impresjonisme.

Napoleon III måla av Alexandre Cabanel ca. 1865.

Bakgrunn endre

I 1863 refuserte juryen til salongen 3 000 av dei 5 000 verka som var blitt sende inn.[1] Mellom dei refuserte var verk av Paul Cézanne, Antoine Chintreuil, Gustave Courbet, Henri Fantin-Latour, Armand Guillaumin, Johan Jongkind, Édouard Manet og Camille Pissarro.[2]

Dei refuserte kunstnarane og støttespelarane deira protesterte, ettersom Parissalongen var den viktigaste måten for kunstnarar å få offisiell anerkjenning og nå ut til eit klientell. Protestane nådde keisar Napoleon III. Sjølv om keisaren sjølv hadde ein konservativ kunstsmak - han bestilte og kjøpte verk av kunstnarar som Alexandre Cabanel og Franz Xaver Winterhalter - avgjorde han at dei refuserte skulle få ein sjanse til å stilla ut verka sine ved Palais de l'Industrie.[3]

Utstillinga endre

Dei refuserte kunne velja om dei ville stilla ut bileta sine ved den nye utstillinga, som opna to veker etter den offisielle Parissalongen. 1 200 verk av 871 kunstnarar blei stilte ut i 12 rom. Over tusen folk vitja utstillinga kvar dag.

Journalisten Émile Zola skildra korleis dei vitjande skubba kvarandre for å koma inn i dei overfylte galleri, og at romma var fylte av latter frå tilskodarane.[4] For mange kritikarar var utstillinga eit prov på at ein trengde ein jury for å sikra kvaliteten på utstilte verk. Nokre av verka blei mykje diskuterte, særleg Le Bain eller Déjeuner sur l'herbe av Édouard Manet, som viser to realistisk måla nakne kvinner saman med to menn som er fullt påkledde i ein utandørssene. Eit anna omdiskutert verk var James Whistler sitt Symphony in White, No. 1: The White Girl, som tidlegare også var blitt refusert av Royal Academy i London.

Nokre verk ved utstilinga

Etterverknader endre

Det blei ikkje halden nokon ny salong for refuserte. Kunstnarar som blei refuserte av juryen ved Parissalongen i 1867, som Auguste Renoir, Frédéric Bazille, Claude Monet, Alfred Sisley og Camille Pissarro, skreiv til inga nytte under på eit opprop om å få ei slik ny utstilling.[5] I 1868 blei fleire impresjonistiske verk tekne med i den offisielle salongen takka vera den allierte Charles-François Daubigny, som sat i juryen og kjempa innbitt for verka.[6] Eit nytt forsøk på ein salong for dei refuserte blei avvist i 1872. I 1873 gjekk Monet, Renoir, Pissarro, Sisley, Cézanne, Berthe Morisot, Edgar Degas og fleire andre kunstnarar saman om å skipa Société Anonyme Coopérative des Artistes Peintres, Sculpteurs, Graveurs for å stilla ut verka sine uavhengig av salongen. Den første utstillinga deira, med mange verk som blei kalla impresjonistiske, fann stad i 1874.

Frå 1884 blei Salon des indépendants, utan nokon jury, ei årviss utstilling. I 1903 blei ei ny sjølvstendig utstilling, Salon d'automne eller Haustsalongen, skipa.

Kjelder endre

  1. «Salon». Dictionnaire de la peinture. Larousse. 
  2. «Salon des Refusés». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, inc. 12. september 2008. 
  3. Le Moniteur, 24. april 1863. Sitert i Maneglier, Hervé, Paris Impérial - La vie quotidienne sous le Second Empire, s. 173
  4. Meneglier, Hervé, Paris Impérial- la vie quotidienne sous le Second Empire, Éditions Armand Colin, (1990). s. 173.
  5. L'Amour avec mon pinceau, s. 5-6.
  6. Richard Shone (1994), Sisley, s. 12, «They vainly petitioned for a new Salon des Refuse's on the lines of the one held in 1863, where Manet's Luncheon on the Grass had outraged the public, and discussions began on the possibility of holding their own exhibition. In 1868 the painters secured an ally on the Salon jury in Charles Daubigny, associated with Barbizon but then living at Auvers-sur-Oise; through his stubborn advocacy, the future Impressionists were accepted.»