Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark
nasjonalpark i Nordland fylke, Noreg
Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark er ein nasjonalpark som vart oppretta i 1989.
Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommunar | Rana, Rødøy, Meløy, Beiarn, Saltdal | ||
Areal | 2 102 km² | ||
Oppretta | 8. september 1989 | ||
Tilknytte verneområde |
Saltfjellet, Gåsvatnan, Storlia, Semska-Stødi | ||
Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark 66°36′00″N 14°11′00″E / 66.6°N 14.183333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark |
Saltfjellet–Svartisen er kanskje den mest variasjonsrike nasjonalparken i Noreg. Frå den ville Nordfjorden i vest strekker parken seg via høge fjell og evig is til frodige fjellbjørkedalar med stilleflytande elvar. Parken har òg mange samiske kulturminne.
Plassering
endreNasjonalparken ligg i Beiarn, Meløy, Rana, Rødøy, Saltdal og Bodø kommunar i Nordland fylke. Det samla arealet i nasjonalparken er om lag 2102 km². Isbreen Svartisen er ein del av parken.
Verneformål
endreFormålet med nasjonalparken er:
- å ta vare på eit vakkert og nært urørt fjellområde med sitt plante- og dyreliv og sine geologiske førekomstar.
- I tillegg skal nasjonalparken saman med Gåsvatnan og Saltfjellet landskapsvernområde og Storlia naturreservat ta vare på eit samanhengande naturområde med mange samiske og andre kulturminne.
- å gje folk høve til naturopplevingar i området.
Bruk av nasjonalparken
endreTradisjonell reindrift er tillate, og gjerde for husdyrbeite kan haldast ved like. Fylkesmannen kan gi løyve til merking av stiar og legging av kloppar.
Bakgrunnsstoff
endre- Direktoratet for naturforvalting, informasjon om Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark. Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- PDF-kart Arkivert 2007-03-01 ved Wayback Machine.
- DNT - turplanleggar Arkivert 2006-12-30 ved Wayback Machine.