Saltkjertel er eit organ for å skilje ut overflødig salt. Han finst hos nokre artar krypdyr og hos fuglar som lever i marine miljø. Dessutan hos bruskfiskane haiar og skater. Saltkjertlar kan finnast i endetarmen til haiar. Fuglar og krypdyr har saltkjertlar plasserte i eller på hovudskallen, vanlegvis i auga, nasen eller munnen. Desse kjertlane er flikete og inneheld mange sekretoriske tubuli som stråler utover frå utskiljingskanalen i midten. Sekretoriske tubuli er fora med eit enkelt lag med epitelceller. Diameteren og lengda på desse kjertlane varierer avhengig av saltopptaket til arten.[2]

Illustrasjon av saltkjertel hos galapagosalbatross[1]

Saltkjertlar regulerer saltnivået og lèt marine virveldyr drikke sjøvatn.[3] Aktiv transport via natrium-kalium-pumpe, som finst på den basolaterale cellemembranen, trekker ut salt frå blodet inn i kjertelen, der saltet skiljes ut som ei konsentrert løysing. Hos beinfiskar tar gjellene seg av utskiljing av salt.[4]

Hos krypdyr og fuglar

endre

Blant 27 ordenar som er undersøkte er det funne artar med saltkjertel hos 10. Kjertelen er i regelen berre funksjonell hos fuglar som lever i marine miljø,[5] som til dømes stormfuglar og pingvinar. Behovet for saltutskiljing hos reptil, som marine iguanar og havskjelpadder, og hos fuglar, reflekterer at dei har mindre effektive nyrer enn pattedyr.[6] I motsetning til huda til amfibium, er huda til krypdyr og fuglar ugjennomtrengjeleg for salt, noko som hindrar utsondring.[7]

Utviklinga av ein saltkjertel hos tidlege krypdyr og fuglar tillét dei å ete vasslevande plantar og dyr med høge saltkonsentrasjonar. Denne evolusjonære utviklinga tek ikkje omsyn til kjertelen hos bruskfiskar, noko som tyder på konvergent evolusjon.

Kjelder

endre
Referansar
  1. Jan Eivind Østnes; Thomas Bedin (2021). «Osmoregulering hos dyr på land». Nasjonal digital læringsarena. Henta 4. november 2023. 
  2. Ellis, Richard A.; Goertemiller, Clarence C.; Stetson, David L (1982). «Significance of extensive /'leaky/' cell junctions in the avian salt gland». Nature 268 (5620): 555–556. Bibcode:1977Natur.268..555E. PMID 887174. doi:10.1038/268555a0. 
  3. O’Driscoll, K.J.; Staniels, L.K.; Facey, D.E. «Osmoregulation and Excretion». Arkivert frå originalen 8 July 2007. Henta 1. november 2023. 
  4. Jan Eivind Østnes (2021). «Osmoregulering hos dyr i vann». Nasjonal digital læringsarena. Henta 4. november 2023. 
  5. Davis menton. «Salt Removal on Demand». Aswers in Genesis. Henta 4. november 2023. 
  6. «Plants Poisonous to Livestock - Cornell University Department of Animal Science». Ansci.cornell.edu. Henta 1. november 2023. 
  7. Hazard, Lisa C. (2004). Sodium and Potassium Secretion by Iguana Salt Glands. Iguanas: Biology and Conservation (University of California Press). s. 84–85. ISBN 978-0-520-23854-1. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Saltkjertel