Salvatore Quasimodo

Salvatore Quasimodo (20. august 190114. juni 1968) var ein italiensk lyrikar, gjendiktar og litteraturkritikar frå Sicilia. I 1959 blei han tildelt Nobelprisen i litteratur «för hans lyriska diktning, som med klassisk eld uttrycker samtidens tragiska livskänsla.»[1]

Salvatore Quasimodo
Salvatore Quasimodo 1959.jpg
Fødd 20. august 1901
Modica
Død

14. juni 1968 (66 år)
Napoli

Yrke lyrikar, lingvist, skribent, omsetjar, manusforfattar, universitetslærar, journalist, litteraturkritikar, kritikar
Ektefelle Bice Donetti, Maria Cumani Quasimodo
Born Alessandro Quasimodo
Salvatore Quasimodo på Commons

LivEndra

Quasimodo var son av ein jernbanemann og budde mesteparten av barne- og ungdomstida på Sicilia. Han utdanna seg først til bygningsingeniør, seinare studerte han filologi. Etter utdanninga hadde han fleire yrker, blant andre teaterkritikar. Frå 1939 arbeidde han som journalist. I 1940 blei han utnemnd til professor i litteratur ved universitetet i Milano.

Som lyrikar er Quasimodo på nivå med Giuseppe Ungaretti og Eugenio Montale. Lyrikken hans tilhøyrer symbolismen og temaet er heimstaden Sicilia og tradisjonane der.

Han utmerkte seg òg med omsetjingar av romerske diktarar som Catullus, Ovid og Vergil, Sapfo frå Lesbos og Shakespeare, Pablo Neruda og Pericle Patocchi.

VerkEndra

  • Acque e terre, Firenze, Edizioni di Solaria, 1930.
  • Oboe sommerso, Genova, Edizioni di Circoli, 1932.
  • Odore di eucalyptus ed altri versi, Firenze, R. Istituto di Firenze, 1933.
  • Erato e Apòllìon, Milano, Scheiwiller, 1936.
  • Poesie (Salvatore Quasimodo)|Poesie, Milano, Primi Piani, 1938.
  • Ed è subito sera, Milano-Verona, A. Mondadori, 1942.
  • La vita non è sogno, Milano, A. Mondadori, 1949.
  • Il falso e vero verde, Milano, Schwarz, 1953; Milano, A. Mondadori, 1956.
  • La terra impareggiabile, Milano, A. Mondadori, 1958.
  • Dare e avere. 1959-1965, Milano, A. Mondadori, 1966.

Prisar og utmerkingarEndra

Medaglia ai benemeriti della scuola, della cultura e dell'arte. 2. juni 1968.[2]

Prisar
Akademiske ærestilvisingar
  • Professorat (Cattedra di Letteratura Italiana) "per chiara fama" ved Conservatorio di musica G. Verdi di Milano (1941-1968)
  • Æresgrad ved Universitetet i Messina (1960)
  • Æresgrad ved Universitetet i Oxford (1967)

LitteraturEndra

  • Walter Aue: Im Blau des Südens, Spurensuche in Italien. - Frankfurt/M., Anabas, 2004, ISBN 3-87038-352-6.
  • Tondo, Michele: Salvatore Quasimodo. - Mailand, Mursia, 1970
  • Zagarrio, Giuseppe: Quasimodo. - Florenz, La Nuova Italia, 1969

ReferansarEndra

  1. Nobeltildelinga 1959 på nobelprize.org
  2. «Le onorificenze della Repubblica Italiana», www.quirinale.it, henta 29. august 2020 

BakgrunnsstoffEndra