Samkommune
Ein samkommune er eit forpliktande samarbeid om tunge kommunale oppgåver mellom to eller fleire norske kommunar. Samkommunen er eit eige sjølvstendig organ og har ein eigen administrasjon med personar som er tilsette i samkommunen. Eininga er er leia av eit samkommunestyre som er vald mellom kommunestyremedlemmene i dei deltakande kommunane.
Samkommunar er tillate etter Forsøkslova (maks 6 år). Det vert arbeidd med å lovfeste samkommunemodellen.
Frå 2010 er det to samkommunar i Noreg, begge i Nord-Trøndelag. Dette er Innherred samkommune[1]og Midtre Namdal samkommune[2].
Innherred samkommune er eit samarbeid mellom kommunane Levanger og Verdal. Midtre Namdal samkommune består på same måte av kommunane Namsos, Namdalseid, Fosnes og Overhalla.
Sjå òg
endreFotnotar
endre- ↑ Pressemelding frå Kommunal- og regionaldepartementet: «Innherred samkommune godkjent i to nye år» 17. desember 2009
- ↑ [http://www.regjeringen.no/nb/dep/krd/pressesenter/pressemeldinger/2009-2/midtre-namdal-godkjent-som-samkommune.html?id=575826 Pressemelding frå Kommunal- og regionaldepartementet 7. september 2009: «Midtre Namdal godkjent som samkommune»