San Cristóbal de La Laguna
San Cristóbal de La Laguna (ofte berre kalla La Laguna) er ein by og ein kommune nord på øya Tenerife i provinsen Santa Cruz de Tenerife på Kanariøyane. Byen er er den tredje største i øygruppa og den nest største på øya. Han er ein del av forstadane til Santa Cruz de Tenerife. Det historiske senteret i La Laguna vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1999.
San Cristóbal de La Laguna | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Provins |
Spania Kanariøyane Santa Cruz de Tenerife | ||||
Grunnlagd | 1496 | ||||
Borgarmeister | Fernando Clavijo Batlle | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 102,06 km² | ||||
Flatevidd - By |
102.06 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2008) |
148375 | ||||
Høgd over havet | 546 m | ||||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 38200-38299 | ||||
Heimeside: http://www.aytolalaguna.es/ | |||||
Nettstad: www.aytolalaguna.com | |||||
Plassering | |||||
Universitetet i La Laguna ligg i byen og har om lag 30 000 studentar. Desse vert ikkje medrekna i folketalet i byen. La Laguna vert rekna som det kulturelle senteret på Kanariøyane.
Økonomien er føretaksbasert medan jordbruk dominerer den nordaustlege delen av byen. Dei urbane områda dominerer dei sentrale og sørlege områda. Turisme dekkjer nordkysten.
Historie
endreSlaget ved Aguere vart utkjempa her i 1494. Byen vart grunnlagd mellom 1496 og 1497 av Alonso Fernández de Lugo og dette var hovudstaden på øya fram til heile øya var erobra. Kystområda vart seinare plyndra av sjørøvarar. Universitetet i La Laguna vart grunnlagd i 1701.
Nedgang i folketal og økonomi på 1700-talet førte til at hovudstaden vart flytta til Santa Cruz de Tenerife i 1723. Santa Cruz har sidan vore hovudstad på Tenerife.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «San Cristóbal de La Laguna» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2009.